— Nærare prinsessebrudlaupet kjem ikkje vi, seier Helga Dyrkollbotn og skålar i gul brus. Ho blei brått kongeleg brodør. Det var Marianne Rugland sin ide. Ho såg Ari Behn stå på ski i slips og tenkte at her må landets einaste undertøyprodusent trø til og syta for at det unge paret i alle fall blir godt kledde inst inne.

Spesiallaga

Syerskene gjekk til sjefen og spurde om dei kunne få lov til å laga brudlaupsgåve, og no er altså den spesiallaga ullkolleksjonen ferdig. Og grundig kvalitetskontrollert.

— Helga er blitt kjempeflink til å brodera, etter dette kjem vi nok til å laga broderi på fleire av produkta våre. Arbeidet med denne gåva har gjeve oss auka kompetanse, seier Janne Vangen Solheim, som er marknadsansvarleg hos Janus.

Det har vore prinsessefeber på Janusfabrikken sidan påske. Damene har gjort denne jobben i tillegg til den vanlege produksjonen. Alle var samde om at gåva måtte produserast i den finaste ullkvaliteten. Trøya har fått ekstra høg hals for å få plass til monogrammet. Og for første gong er det brodert på sokkar frå Janus.

Redda av IKEA

Dei ferdige plagga ligg til utstilling i fabrikklokalet, pent samanbretta og danderte på rosa papirduk som er pynta med norsk flagg. I dag skal dei pakkast ned i ei mintgrøn øskje og sendast med posten.

— Vi jobba lenge for å finna øskje med rett farge. Det var IKEA som redda oss, seier Helga.

Storleiken på undertøyet var dei usikre på. Dei valde å produsera begge undertøysetta i medium.

— Han ser jo ikkje så mykje større ut enn henne, meiner Marianne.

Eige monogram

Monogrammet er damene på Janus sitt. Det er litt meir snirklete enn det som er offisielt og mønsterbeskytta.

Og syerskene på Janus reknar med at brudeparet kjem til å bruka denne gåva. At ho faktisk er meir anvendeleg enn mange andre av gåvene. Dei trur neppe det vil finnast så mange andre lange underbukser på gåvebordet.

Damene kjem til å venta spent på takkekortet. Og på om Märtha Louise og Ari returnerer eit bilete av seg iført ullkolleksjonen frå Janus. Det hadde blitt litt av ein reklame for landets siste undertøysprodusent!

— Og så ventar vi i grunnen bestillingar på tilsvarande undertøyssett frå dei andre medlemene i kongefamilien, seier Janne Vangen Solheim.

Mini-motevisning i kveld på TVHordaland

PRINSESSEULL: Syerskene på Janusfabrikken har laga ein eigen kolleksjon i ull til Märtha Louise og Ari. I dag blir undertøyet pakka ned og sendt til brudeparet. Frå venstre: Helga Dyrkollbotn, Ellinor Haugland, Magnhild Havsgård, Marianne Rugland og Lisbeth Haukås.
FOTO: ARNE NILSEN