— POENGET ER å prøva å finna alternative måtar å bu på, utbyggingsformer som ikkje et opp all dyrkajorda. Den globale matvaresituasjonen kan bli slik at vi blir nøydde til å auka matproduksjonen lokalt, seier Pål Storsveen. Han er ein av 31 diplomstudentar ved Bergen Arkitekt Skole. Oppgåva han har jobba intenst med siste halvåret, er levert og på utstilling. Eksamen er vel overstått. Sensuren fell i desse dagar.

Pål Storsveen valde seg Os for å kunna studera utfordringane i ein kommune i utvikling. Diplomarbeidet starta med ei sosialantropologisk analyse. Korleis lever osingane og korleis er det daglege rørslemønsteret mellom bustaden, arbeidet og butikken? Korleis fungerer sentrum? Kvifor møtest pensjonistane heller på kjøpesenteret Amfi? Kor samlast ungdommen?

MODELLANE som står utstilt på arkitektskulen i Sandviken viser korleis studenten meiner Os sentrum kan bli meir levande. Hans metode er å flytta det planlagde kulturhuset frå ein odde ved sjøen til midt innpå Osøyro, bryta dette opp i fleire bygg og laga ein ny veg mellom desse bygga frå rådhuset og ned til elva. På austsida av elva tenkjer han seg ei bustadfortetting i form av fleire lange bustadbygg med 35 nye leilegheiter som har endeveggen vendt mot vatnet.

Kjøpesenteret Amfi meiner han på sikt kan gjerast om til skule, sjukeheim eller for eksempel garasje for seglflyklubben med nye bustader på taket.

DEN MEST gjennomarbeidde delen av diplomoppgåva handlar likevel om rekkjehusprosjektet på Kuventræ. Pål Storsveen har tenkt nytt om fortetting. I staden for å planleggja ny bustadbygging i tradisjonelle felt med hus og hage, meiner han det er både mogeleg og faktisk svært lurt å utnytta randsonene. I dette tilfellet handlar det om randsona mellom bøen til bonden Olav Botnevik og eit etablert tradisjonelt bustadfelt med einebustader og hagar.

Prosjektet kan sjåast på som ein moderne variant av Havråtunet. Storsveen tenkjer nemleg slik: I staden for at bøane på sentrumsnære gardsbruk, som dette på Kuventræ, blir omregulerte og nedbygde, så kan dei som bur i det kilometerlange rekkjetunet få tildelt kvar sine parsellar av jorda like ved, større eller mindre areal, alt etter behov. Nokon kan bruka jorda til hage, andre til landbruksproduksjon. Jorda kan dyrkast av eigarane kvar for seg eller kollektivt, alt etter ønskje og behov.

ARKITEKTSTUDENTEN har planlagt si lange rekkjehusrad langs eigedomsgrenser, bilvegen, skulevegen og inntil området med skule, idrettsanlegg og symjehall. Det er eit poeng å byggja nye bustader i gangavstand til dei daglege aktivitetane, meiner han. Framtidig by- og tettstadsplanlegging må blant anna handla om tilrettelegging for mindre bilbruk, seier han.

Rekkjehusa på Kuventræ har han samla i grupper på seks, med tretti meter breie opningar mellom kvar gruppe. Bustadene har han planlagt med ein ytre svalgang som isolerer romma innanfor. Storsveen tenkjer seg at husa kan reisast som sjølvbyggjarprosjekt.

PÅL STORSVEEN er sjølv i etableringsfasen.

— Vi ser etter ein stad å etablera oss, og eg er difor oppteken av dei kvalitetane ein er ute etter i ein slik situasjon. Os har manko på innbyggjarar i 20- og 30-årsalderen. Kanskje kan eit bustadområde som dette vera attraktivt for osingar i denne aldersgruppa. Vi veit at unge gjerne vil bu tett og urbant, men at mange som buset seg sentralt saknar å samtidig kunna ha det grønt og romsleg omkring seg. Det må vera mogeleg å laga kompakte buområde utan storbypreg, seier Pål Storsveen.

Ei diplomoppgåve som dette er ikkje noko konkret utbyggingsframlegg, og Storsveen har difor ikkje snakka så mykje med til dømes bonden som eig grunnen han har planlagt på. Men det vil han gjera. Han vil presentera ideane sine både for bonden på Kuventræ og for Os kommune, seier han.

ALTERNATIVT REKKJETUN: Havråtunet på Osterøy er eit slags førebilete for Pål Storsveen sitt rekkjehusprosjekt på Os. Diplomstudenten ved Bergen Arkitekt Skole har plassert rekkjehusa i ei randsone og tildelt kvar bustad ein parsell med jord.
Lillebø, Jan M.
FORTETTING:I stadenfor å dela opp dyrka jorda i hagarmed hus på, kan bustadbyggjingakonsentrerast og matjorda sparastog dyrkast etterbehov.
UTE INNE: Kvar bustad er planlagt med isolerte varme rom inst. Utanfor ligg opphaldsrom i ein svalgang som har god kontakt med uteområda.
Lillebø, Jan M.
NYE BUFORMER: Pål Storsveen meiner den globale matvaresituasjonen kan koma til å tvinga oss til å tenkja nytt også om det å bu. I staden for å dela opp dyrkajorda i hagar med hus på, kan bustadbygginga konsentrerast og matjord sparast.
Amundsen, Paul S.