– Vi har merka ein vesentleg auke i førespurnader sidan slutten av fjoråret. Minst 30 prosent fleire enn vanleg har tatt kontakt, seier Ove Rønhovde, leiar for gjeldsrådgivningskontoret i Bergen kommune.

Sidan november har 68 personar venta på å kome til hos økonomisk rådgjevar. Det betyr at kapasiteten er sprengt fleire månader fram i tid.

– Dei som har henvendt seg til oss etter 1. februar, må vente til etter påske for å kome til, seier Rønhovde.

Ifølgje Rønhovde er det renteoppgangen i haust som har ført fleire ut i økonomisk uføre.

– Det som er nytt er at folk no har problem med reine bustadlån. Det såg vi ikkje for eit par år sidan, då var det forbruksgjeld som var dominerande, seier Rønhovde.

Etter rentenedgangen dei siste vekene har pågangen på gjeldskontoret gått noko ned, men framleis er talet unormalt høgt.

Les også: Alf Egil ble gjeldsoffer

Stikk hovudet i sanden

Mange som har hamna i økonomisk uføre, utset i det lengste å søkje hjelp.

– Mange gruer seg for å ta kontakt med oss. Dei stikk hovudet i sanden og håper at problema skal gå over. Når dei først tek avgjerda om å søkje ekstern hjelp, vil dei helst ha time på sparket, fortel Rønhovde.

Speleavhengnad, samlivsbrot og rusproblem er faktorar som ofte medverkar til økonomiske problem. Det kan også vere familiar som har vore for optimistiske, og til dømes kjøpt for dyr bustad.

– Då må dei kompensere med forbrukslån, og slik kjem dei inn i ein forferdeleg spiral, kor dei må selje bustad eller bil med tap, seier rådgjevaren.

Sikar våpenkvile

På kontoret hans i Bergen rådhus kjem personar med haugevis av uåpna rekningar som dei har fått i posten.

– Dei er fortvilte, og vi er nøydde til å bruke tid. Dei har ofte tilleggsproblem utover det økonomiske, som sjukdom og samlivsproblem, seier Rønhovde.

– Kva kan de hjelpe med?

– Vi lagar ei oversikt over inntekter og utgifter, samt ei kreditorliste. Kundane blir ofte sjokkerte, fordi dei sjølve ikkje har summert saman gjelda, seier rådgjevaren.

Rådgjevaren informerer kreditorane om kundens livssituasjon, og ber om ei «våpenkvile.» Deretter blir det lagt fram eit individuelt betalingsforslag.

Milliongjeld

Ifølgje Rønhovde er det like mange kvinner som menn, som tek kontakt. For nokre er 50.000 kroner i gjeld uhandterleg, medan andre har fleire millionar uteståande.

– Vi har alt frå ungdommar til personar over 80 år, men dei fleste er mellom 30 og 50 år, seier han.

Ifølgje Rønhovde klarer han og kollegaene å hjelpe dei fleste som tek kontakt. Noko av det viktigaste er å synleggjere overfor kreditorane at det ikkje er viljen, men betalingsevna det står på. Men problema er ikkje løyst i ei vending.

– Luksusfellen på TV3 og andre fjernsynsprogram gjev feil inntrykk på det området. Eg har hatt kundar som har gått hos meg i mange år. Mange har levd eit liv med overforbruk, og må vere førebudd på at det tar tid å finne løysingar, seier Rønhovde.

I tilfelle kor rådgjevarane i Bergen ikkje kan hjelpe, blir kundane vist vidare til Namsfogden. Namsfogden har moglegheit til å tvinge gjennom ei betalingsordning, medan rådgjevingstenesta i kommunen er basert på frivillegheit.

— Søk hjelp raskt

Rådet frå Rønhovde er klart:

— Tenk deg om mange gongar før du inngår ein låneavtale, og husk at den skal betalast tilbake med renter. Forbruksgjeld er forferdeleg dyrt, minnar Rønhovde.

Har du allereie gjeldsproblem, er rådet at du skal ta kontakt så fort som mogleg, før problema blir unødvendig store.

I tillegg til gjeldsrådgivertenesta i Bergen rådhus, kan du få rådgjeving på sosialkontora i dei fleste bydelar. Kommunen har plikt til å hjelpe deg, og tenesta er gratis. Les meir her.

RUNE BERENTSEN