I morgon presenterer vegvesenet planane for å sikre bilistane mot nye skrekkopplevingar på riksveg 5. Det skjer på eit ope møte om ras på Norsk Bremuseum i Fjærland. Vegvesenet konsentrerer seg no om å sikre tre rasutsette punkt, og arbeider med fleire alternativ. Det sikraste, men også dyraste, er ein lang tunnel forbi dei tre rasstadene.

— Ein slik tunnel vil koste mellom 120 og 140 millionar kroner, opplyser geolog Svein Helge Frækaland til Bergens Tidende.

Vegvesenet har 80 millionar til sikringsarbeidet.

Aldri sett noko liknande

Enorme nedbørsmengder, først som snø, deretter sludd og til slutt regn utløyste rasa 14. november i fjor. Høgt oppe starta skreda som snø- eller sørperas. På veg nedover dei stupbratte fjellsidene blei dei til ei veldig kraft som sopte med seg lausmassar og vegetasjon. På nokre få kilometer sperra 15 ulike ras den viktigaste sambindingsvegen mellom Fjordane og Sogn. Det største av rasa hadde ei breidde på bortimot 70 meter.

På kort tid blei 32 bilar innesperra. Førarar fortalde at dei såg kvar skreda kom, så køyrde dei fram og rygga tilbake for å unngå å bli tatt. Bilførarar og passasjerar sat innesperra i fleire timar, men utruleg nok blei ingen skadde i rasa som tordna nedetter fjellsidene.

— Det som skjedde, var heilt ekstremt. Eg har aldri opplevd maken, sa geolog Frækaland til Bergens Tidende etter at han dagen etter hadde vore på helikoptersynfaring over rasområdet.

Ulike alternativ

I morgon skal han fortelje oppsitjarane i området kva tiltak vegvesenet no ser føre seg. Til Bergens Tidende seier Svein Helge Frækaland at dei vurderer fleire alternativ for å sikre dei tre rasstadene Hesa, Stølsneset og Hammarsgrovi.

Den billegaste løysinga blir å forlengje eksisterande rasoverbygg ved Hammarsgrovi, og byggje nye ved Hesa og Stølsneset.

Stølsneset er staden det på få år har vore to ulukker. I mai 1999 omkom ein ung mann då ein stein small inn gjennom ruta på bussen han sat i, og trefte ten-åringen i hovudet. I desember 2003 fekk ein ungdom kutta av begge beina etter at bilen han køyrde blei treft av ras.

Riksvegen gjennom Kjøsnesfjorden kom inn på rassikringsplanen etter den dramatiske rassøndagen sist november. Før det var sikring av vegstykket ikkje prioritert. Vegvesenet har tidlegare sagt at for å sikre heile det rasfarlege partiet i Jølster vil det vere nødvendig å byggje ein ti kilometer lang tunnel til ein halv milliard.

RAS UTLØSER SIKRING: Ein 1800 meter lang tunnel kan bli bygt for å sikre vegen i Kjøsnesfjorden mot nye skred.
Jan M. Lillebø