Eitt og eit halvt år på skulebenken kombinert med jobb skulle gi rundt 25 studentar frå Knarvik i Lindås godkjent hjelpepleiarutdanning.

Eit flott tilbod meinte dei som melde seg på opplegget i regi av Folkeuniversitetet. No viser det seg at utdanninga blir ca. eitt år lenger enn lova. I tillegg må studentane gå på jobb utan løn for å få godkjent praksis.

20 års erfaring ikkje nok

— Vi er ført bak lyset. Føresetnaden då vi melde oss på var at vi kunne kombinere jobb og studier og bruke halvanna år for å bli hjelpepleiar, seier Ingeborg Byrknes.

Saman med rundt 15 andre studentar har ho sendt klage på Folkeuniversitetet sitt studieopplegg. Meininga var at den enkelte sin jobb innan helsevesenet skulle telje som praksis i studiet. No viser det seg at dei må ha seks veker praksis utan løn for å få godkjent studiet.

— Mange av oss har 15-20 års erfaring innan helsevesenet. Då er det skammeleg at det no plutselig kjem krav om at vi skal jobbe utan løn, seier Solveig Veland.

På bar bakke?

Studentane var også lova vurdering av kva realkompetanse dei har på bakgrunn av yrkesrerfaring. Dette fordi dei då kan få fritak for å studere desse faga. Nordhordland vidaregåande skule skulle ta deg av dette. Fleire hadde samtalen om realkompetanse sist haust, men etter fire månader er svaret enno ikkje komme.

5. februar er studentane innkalla til møte. Ingen av dei ansvarlege har så langt vore villig til å seie kva som skjer vidare med studiet.

— Vi føler at vi står på bar bakke etter å ha investert mykje tid og innsats. Vi ønskjer alle å fortsetje. Men med så mykje rot misser vi litt piffen, seier Ingeborg Byrknes.

— Vi vil hjelpe dei å få den utdanninga som er lova. Eg kan skjøne at dei føler seg lurt utfrå kva som var sagt før dei byrja på utdanninga, seier Bente Lygre, hovudtillitsvald i Kommuneforbundet i Lindås.

Frå høgre Ingeborg Byrknes, Aud Randi Moen, Kate Hosøy, Solveig Veland, Wigdis Færø, Inga Eitrheim, Hege Ramsdal, Bjørg Holum, Ingunn Holme, Vigdis Brattebø Møster
Foto: Rune Sævig