Ola kosar seg blant smekre hogeiter og frodig vegetasjon på beite i Gjetingsdalen opp mot fjellet som skil Kvinnherad frå Jondal. Den kvite bukken og resten av kasjmirgeiteflokken på 20 dyr pustar lettare i sommarvarmen etter at eigaren Per Magne Eikenes har letta dei for vinterpelsen.

Ola er ein stolt sjef. Med staselege horn og brysk framferd ter han seg som om han er klar over kva verdiar han ber.

Ulla blir betalt med 1500 kroner kiloet etter sin rundtur via Gol (innsamling) og Skottland (reinsing, spinning og farging) til Espeland ved Bergen (strikking).

Det er verdas nest dyraste fiber etter ulla frå den søramerikanske kamelarten vikuña, ein slektning av lama og alpakka.

Kratt, ull og kjøt

— Det er tre grunnar til å halda kasjmirgeit. For det første er ho ein fantastisk landskapspleiar. For det andre leverer ho edelkjøt, og for det tredje produserer ho flott ull, seier Per Magne Eikenes.

For å halda det gamle, autentiske småbruket i Gjetingsdalen i hevd, kjøpte Eikenes sine første kasjmirgeiter frå Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås i 2003. Han har sidan hatt stor glede og nytte av dei som krattryddarar. Og altså som kjøt- og ulleverandørar.

Etter at den norske geita er blitt befengt med alvorlege sjukdommar, er kasjmirgeita - som stammar frå fjellprovinsen Kashmir mellom Pakistan og India - på frammarsj i Noreg. Etter fire års eksistens tel Norsk Kasjmirlag rundt hundre medlemmer. Kasjmirgeita har også synt seg som ein ypparleg kulturlandskapspleiar.

Mjuk under ragget

— Det er den lette, mjuke ulla under ragget som kan nyttast. På eit vakse dyr kan det bli rundt hundre gram i året, seier Per Magne Eikenes.

Kjemmesesongen er over på nokre få dagar i mai-juni. Då slepp kasjmirgeita vinterpelsen, og Eikenes og kona må vera der med kammen. Klipping ville øydelagt dei ettertrakta fibrane i underulla.

50-60 norske leverandørar av kasjmirull kjemma i alt rundt 20 kilo i 2005. Dei kunne fått avsetnad innanlands for ti gonger så mykje.

- Lette og lekre

— Vi er absolutt positive til at fleire held kasjmirgeiter i Noreg. Fibrane i kasjmirulla er lette og lekre, tynne og mjuke. Vi kunne gjerne teke imot meir, seier dagleg leiar Signe Aarhus i Oleana AS på Espeland i Arna.

Oleana strikkar sjal - nummererte som grafiske blad - og pulsvarmarar av norsk kasjmirgarn bearbeidd i Skottland. Varene er til sals blant anna i gardsmuseet til Per Magne Eikenes i Gjetingsdalen.

— Vi lagar ikkje større plagg i kasjmir, for dei ville blitt veldig dyre, seier Aarhus.

— Vi gjer dette meir av idealisme enn for business. For oss er heilskapstenking viktig, for eksempel at kasjmirgeiter er med på å halda kulturlandskap i hevd.

Heller ikkje for Gjetingsdal-bonde Per Magne Eikenes er kasjmirgeitene og bruket hans stor forretning.

— Det er ein livsstil, seier 54-åringen som har inntektsbringande arbeid i Kvinnherad kommune.

OVE A. OLDERKJÆR
MARITA AAREKOL