Norled har ferjemateriellet som kan leggje ferjestriden mellom Stord og Kvinnherad død, men får ikkje samme politiske aksepten i Hordaland som i Rogaland.

Torsdag ettermiddag valte Stord kommunestyre å avvisa ei høgst omstridd tilråding frå formannskapet om å byggja nytt ferjestø ved Rommetveit, vis a vis Halsnøy i Kvinnherad. Regionsenteret kjem dermed framleis til å halda nabokommunen Kvinnherad på kommunikasjonsmessig avstand med ferjer som seglar dobbelt så langt som fjorden er brei mellom naboane.

Hundre prosent gass

Vedtaket skjer dagen etter at Norled døypte den første av to nye og hundre prosent gassdrivne snøggferjer i Tau-sambandet ved Stavanger. I fjor lufta selskapet ei løysing med tilsvarande ferjemateriell for sambandet Ranavik – Skjersholmane (Kvinnherad-Stord), men utan hell.

— Vi følte at det ikkje var lokalpolitisk vilje i Hordaland til å ta det grepet, seier Norled-sjef Ivan Fossan. Ei 165-bilars gassferje av Norled-typen kan med 17 knops fart truleg greia timesavgang i kvar retning mellom Skjersholmane og Ranavik. I dag blir sambandet operert med to dieselferjer på 21 og 31 år i rundt 13 knops fart med tre kvarter mellom avgangane i kvar retning.

Norleds to gassferjer er bygt i Polen. Dei er tenkt å gå i trafikk mellom Stavanger og Tau inntil Ryfast-tunnelen er klar om seks år.

Stort engasjement

I Stord kommunestyre ba ordførar Liv Kari Eskeland (H) først om utsetjing av ferjestøsaka, for så å føreslå at Skjersholmane blir lendingspunkt inntil det er gjort nye vurderingar av kommunikasjonen mot Kvinnherad.

Eit stort engasjement og over 1400 underskrifter imot ny ferjekai på Kvernaneset ved Rommetveit gjorde inntrykk på kommunestyremedlemmene. Kommunestyresalen var også fylt opp av eit stort tal publikummarar ved møtestart torsdag ettermiddag. Tilrådinga frå formannskapet om ny kai på Kvernaneset fekk ikkje ei einaste stemme. 13 røysta for framlegg frå SV og Senterpartiet om å skrinleggja begge Rommetveit-alternativa, Kvernaneset og Sævarhagsvikjo, for godt.

Mellombels i 10 år

Kvinnherad-ferja blei på Stord-sida flytta frå Leirvik til Skjersholmane i 2003 som ei mellombels ordning. Seinare har Statens vegvesen tilrådd ny ferjekai på Kvernaneset, av blant anna samfunnsøkonomiske omsyn.

Stord kommunestyre prøvde først å få etablert nytt ferjestø i Djupavik ved innseglinga til Leirvik, men løysinga blei kostbar og problematisk miljømessig. På Kvinnherad-sida blei Sunde lagt ned som ferjekai då Halsnøytunnelen opna i 2008.