Over hundre meter på låste hjul skleid den vesle varebilen ned den slakke grasbakken. — Dette går aldri bra, tenkte 18-årige Øystein Leivestad på vegen nedover bøen på stive hjul.Nede ved sjøen straff bilen nokre steinar, slo kolbøtte og hamna på hjula ute i sjøen. Såpeglatt grasbakke Ulukka skjedde i Erdal, nokre kilometer frå Førde sentrum, litt før klokka 07-tiden i dag. På veg mot Førde mista den 18-år gamle føraren veggrepet, skleid ut i ein sving utan auto-vern, og fortsette på rett kjøl ned ei, skrå, graskledd innmark. Men på grunn av regnet var gra-set såpeglatt, og det hjalp lite å bremse.- Eg bremsa så hardt eg kunne, men skjøna ikkje kvifor bilen ikkje stoppa, seier 18-årige Øystein Leivestad til Bergens Tidende.Dermed bar det på låste hjul nedover grasbakken, ein meir enn hundre meter aketur i bil, før han tippa rundt og hamna på hjula i sjøen, delvis under vatn. Haika heim Våt, men elles uskadd, kom ungdommen seg ut av bilen, og traska oppover bøen. Vel oppe i vegen fekk han haik med ein vogntogsjåfør tilbake til Førde.- Eg var redd for at bilen skulle søkke, for eg visste ikkje kor djupt det var, seier Øystein Leivestad. - Så eg kom med ut av bilen så fort eg kunne.Vantru vitne kom etterkvart til staden, og ambulanse og red-ningsbil var tilkalla. Ambulan-sen måtte returnere med tom båre, medan redningsbilen fekk berga ulukksebilen på land.Tilbake låg spora i grasbakken som fortalde sitt klare språk om det utrulege ulukkesforløpet.Og om ei trafikkulukke som trass alt gjekk bra.Langt frå veg: Like etter ulukka såg nabo Ingolf Horsevik bilen i vatnet frå frukostbordet fredag morgon, og trudde først det var eini båt. Men så såg han spora på bøen ovanfor. Den 18-årige føraren hadde allereie haika vidare etter den lange aketuren ned i sjøen.