— Den fornærma mannen måtte til legebehandling med eit tre centimeter langt kutt under haka, etter at tiltalte skal ha slått han ned med eitt enkelt slag, seier politiadvokat Thor Arne Reitan i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Ukjende

Episoden skjedde på ein privatfest i Tysvær i Rogaland, 27. august i fjor.

— Me snakkar om eit klassisk valdstilfelle, der fornærma skal ha vorte slått ned utan mål og meining. Dei to mennene skal ikkje ha kjent kvarandre frå før, opplyser Reitan.

— Det vert opp til retten å avgjera kor alvorleg dei ser på episoden. Den vanlege straffeutmålinga etter slike episodar er mellom 30 og 90 dagars fengsel utan vilkår, legg han til.

Dette er ikkje første gong den unge boksaren er i hardt vêr. 28. juni 2005 vart han dømt til 45 timars samfunnsstraff etter ein liknande valdsepisode.

Debuterte med gull

Som 16-åring debuterte ham i junior-NM med gull. Han har også bronsemedalje frå Nordisk meisterskap med det norske landslaget. No har vinden snudd. Per i dag har han ikkje lisens til å utøva idretten sin.

— Stord bokseklubb har ikkje meldt han på til å få lisens denne sesongen, stadfestar generalsekretær Oddvar Ervik i Norges Bokseforbund.

Han tykkjer det er trist at den talentfulle Stord-boksaren har hamna i uføret.

— Men me har ikkje tenkt å reagera noko utover straffesaka han no står tiltalt i. Når ei eventuell straff er sona, står han med blanke ark, hevdar Ervik.

Leiar Leif Ingebrigtsen i Stord bokseklubb fortel at klubben opptrer strengt i disiplinærsaker.

— Me ønskjer å vera stolte av medlemmene våre. Difor har den valdstiltalte utøvaren ein lang veg å gå, og mykje å bevisa, før me tek imot han igjen. Han vil få sjansen til å koma tilbake, men det vil verta stilt harde krav, slår Ingebrigtsen fast.

Det lukkast ikkje BT i går å kome i kontakt med 19-åringen sin advokat.