Eldstemann i den somaliske søskenflokken er ni år. Foreldra er i Saudi-Arabia. Søknaden om familiegjenforening i Norge er avslått. Ibrahim er hjarteknusaren på Solbakken asylmottak i Florø. Han er minstemann på einaste asylmottaket i landet med eigen avdeling spesielt tilrettelagt for ungar. Full av fart og futt sjar-merer han omverda i senk.

For femåringen er livet som det skal vere. Lukkeleg uvitande om at han kan komme til å vekse opp i Norge utan mor og far, kastar han seg inn i leiken med den tre år eldre systera Rama. Med isklumpar som fotball gjer han engasjerte forsøk på å drible systera.

— Her er det bra

Men kor mange minne han har frå sine tre første leveår, veit dei færraste. Kunnskapen om forti-da til den somaliske familien er liten ved asylmottaket.

Søskenflokken på fem kom til Norge for to år sidan. Saman med dei kom to onklar. Eine onkelen er eit par og tjue år, den andre mindreårig. Ingen på mottaket veit kvifor foreldra ikkje kom saman med borna.

Først budde Ibrahim og søske-na på eit vanleg mottak på Austlandet. I mars i fjor vart dei overflytta til spesialavdelinga på Solbakken. Her bur 19 ungar frå seks nasjonar. Alle er under 15 år. Alle er ulike. Men dei har ein felles skjebne. Dei kom til eit framand land utan mor og far.

Då Ibrahim kom til Norge, var han tre år. Snart har han budd halve livet på asylmottak. For femåringen er Solbakken heime.

— Eg har det bra, seier han. Men særleg interesse av å svare på spørsmål frå journalisten har han ikkje. Då er det mykje kjekkare å sparke fotball med is-klumpar, eller vise fram dei meir enn 80 Pokemon-korta han har i samlinga si.

Ein barnelandsby

Saman med dei 14 vaksne som er tilsette på avdelinga utgjer dei 19 ungane ein barnelandsby midt inne i mottaket.

Her er bemanning 24 timar i døgnet. Ungane søv anten på enkeltrom eller dobbeltrom. Tre måltid vert servert i løpet av døgnet, alle tillaga på eit roms-leg kjøkken. Dagen startar med frukost i halv åtte-tida, deretter vert ungane sende på skule eller til barnehage. Middagen står på langbordet i tre-tida, kveldsmåltidet blir servert i sju-åtte-tida.

— Vi prøver å leggje til rette for ein fast døgnrytme. I tillegg skal ungane få ta del i aktivitetar både på mottaket og utanfor, seier avdelingsleiar Britt Bergkvam.

I tillegg til å få dekka alle sine primære fysiske behov, skal det også vere vaksne for å ta del i glede og sorg. Nokon skal tørke tårene når dei trillar.

For her kjem det meste. Alt frå sorg til glede. Og alt mellom. Kleda skal ikkje berre vere reine og tørre, omsorga skal også vere på plass.

— Men sjølvsagt, her jobbar folk i turnus. Den same stabile vaksenkontakten som i ein heim, kan vi ikkje gje dei, seier avdelingsleiaren.

To alternativ

Avslaget på søknaden om at mor og far skal komme til Norge, er anka. Dersom avgjerda om å seie nei til familiegjenforening blir oppretthalde, står den somaliske søskenflokken over-for to alternativ. Anten får dei opphaldsløyve og vert plasserte i fosterheim. Eller så blir dei sende ut av landet.

Utlendingsdirektoratet jobbar no aktivt med å skaffe foster-heimplassar til dei fem. Men å skaffe fosterheimar til ein så stor søskenflokk, er ikkje enkelt.

— Det er slikt som tek tid, seier Kåre Antonsen. Men han vil heller at det skal ta litt tid, slik at alle kan vere sikre på at un-gane får det trygt og godt.

Medan lukta av middagsmat breier seg på avdelinga, kjem dei andre søskena heim frå Torvmyrane skule. Glade stor-mar småjentene Sabrini og Amal inn på kjøkkenet og deler ut klemmar til personalet som førebur dagens hovudmåltid.

— Vi har det godt her. Og vi har fått mange norske vener på skulen, fortel dei to jentene.

— Men vi saknar foreldra våre. Men vi snakkar no med dei på telefon av og til.

I BARNEASYL: Ibrahim og systera Rama trivst på Norges einaste asylmottak med spesialav-deling for barn. Ein onkel på litt over 20 og personalet på avdelinga er deira vaksne halde-punkt. FOTO: ROAR CHRISTIANSEN