Metallet er skore opp og levert til omsmelting i Nederland. Kan henda kjem nye plater med innbakt Maureen-stål i retur til Stord for å bli del av ei ny oljeplattform.

I halvtanna år har Aker Stord teke hand om den britiske plattforma som i 17 år stod på 95 meters djup i Nordsjøen og pumpa opp store mengder olje. Phillips Petroleum greidde ikkje å selja plattforma til andre oljeselskap for nye oppdrag, og satsa på opphogging. Aker Offshore Partner og Aker Stord tok jobben for 700 millionar kroner.

— Skitjobb

— Det har vore ein skikkeleg skitjobb. Men dei som har delteke har teke utfordringa og har likt seg her, seier opphoggingskoordinator Johannes Nesbø. På det meste har skrotinga sysselsett hundre mann.

Maureen kom til Digernessundet 30. juni 2001. Der blei den verste skitjobben utført; reinsing av oljelagertankane. Så blei plattformdekket løfta av med kranskip og ført til Aker Stords opphoggingsbase på Eldøyane.

Opphogginga av understellet er gjort lengre inne i fjorden. På land har Halsnøy-selskapet Scandinavia Metall teke seg av finhogginga av Maureen-metallet. Inntil 120 millimeter tjukt stål er gjennomskore med konsentrert vasstråle, skjerebrennar eller metallsaks.

Det er HKS Metal i Nederland som har kjøpt Maureen-stålet. Det er god avsetnad på resirkulert kvalitetsstål frå gamle nordsjøinstallasjonar.

98 prosent resirkulert

Maureen-skrotinga gir ein resirkuleringsprosent på heile 98. Store delar av oljelagertankane har Aker Stord sjølv nyttiggjort som fundament i den nye indurstrikaien som får namn etter oljeplattforma. Maureens lastebøye ligg no som molo og bølgjebrytar for Eldøyane Sjøsportsenter.

Maureen er den andre plattforma Aker Stord skrotar. Den første var Odin-plattforma for Esso i 1996. Fjerning og hogging av petroleumsinstallasjonar blir ein veksande marknad i tiåra som kjem.

Aker Kværner ønskjer å ta del i så vel bygging av nye som skroting av gamle nordsjøplattformer. Men det er først etter 2015 at oppdraga vil «ta av» i omfang for norsk sokkel sin del. Først i løypa blant dei norske er Ekofisk-feltet, der Phillips - med finansiell støtte frå staten - skal fjerna 15 installasjonar for åtte milliardar kroner fram til 2018.