Vil du sjå korleis det ser ut frå toppen av brutårna på Hardangerbrua, må du opna sundag-BT og halda avisa på høgkant.

Fotograf Rune Sævig har ikkje berre teke heisen 164 meter rett til vêrs. Han har også klatra opp stigen gjennom eit hol i taket på øvste rigelen (tverrbjelken), 185 meter over fjorden ved normal flo, og deretter inne i ein kranstamme forbi 200-metersmerket.

Vi er på Vallaviksida av Hardangerbrua. Tvers over fjorden ragar Bu-tårnet like høgt, men sidan det tårnet har fundamentet nærare sjøen, går heisen på denne sida heile 172 meter opp.

No er dei to brutårna på Hardangerbrua ferdig støypte, dei to desidert høgste byggverka med heis her til lands, 201,5 meter høgt på Bu-sida, 193,5 i Vallavik. Begge har trapper i eine tårnbeinet og heis i det andre, med tilhøyrande leider på veggen, i tilfelle heisen står fast og du må evakuera gjennom takluka.

Til samanlikning er 37 etasjar høge Oslo Plaza 117 meter.

Haldentårnet til Nexans vart påskøytt 21 meter i 2009, og nådde opp i 120 meter.