Sidan mars har kunstnaren arbeidd tett saman med bøndene i Fjærland for å skape rundballekunst som viser igjen i dei storslegne omgjevnadene. Inga lett oppgåve, men sjølv Vangsnes er rimeleg godt nøgd med resultatet.

Løftar i flokk

Sett frå bakkenivå ser rundballekunsten ut som eit uforståeleg, men velregissert utbrot av kvit flekktyfus i kulturlandskapet.

I fugleperspektiv kjem meininga med det heile litt tydelegare fram.

— Vi har laga formene og linjene i landskapet tydelege, heilt frå Mundal nede ved fjorden og opp til Supphelledalen, seier Vangsnes.

Bak arbeidet ligg ein omstendeleg prosess, frå det første fellesmøtet i mars via dialogar, planlegging, skisser, justering og endeleg gjennomføring.

— Bøndene har vore eineståande. Dei viser at dei kan løfte i flokk, og eg trur neppe dette hadde late seg gjere andre stader enn i Fjærland, seier Magne Vangsnes.

Perspektivet

Sist det var festival fekk kvar einskild bonde lage rundballekunst stort sett fritt etter eige hovud og kreativitet. Dette året har dei altså operert samen etter ein større samla plan, utarbeidd av ein profesjonell kunstnar.

— Eg har tenkt som dei australske aborginarane, og sett føre meg det heile i fugleperspektiv utan sjølv å ha vore der oppe. Men i dag har eg sett bilda tatt frå helikopter, og det gjorde meg oppløfta, seier Vangsnes.

Og det blir ikkje berre fuglane som får glede av landskapskunsten. Søndag blir det arrangert felles fjelltur, og da kan alle som deltek sjå heile stasen frå oven.

«Avdukinga» av lanskpskunsten i Fjærland skjer i dag klokka 11, og sidan går arrangementa på rekke og rad ut over dagen i bok- og ballebygda.

Apneseth Oddleiv
Apneseth Oddleiv