— Du kan tur vi har hatt mykje moro med dette lammet, seier Rosalie Holstad.

Det var dottera Lilly Kwani (11) som oppdaga at alt ikkje var heilt som det skulle hos verlammet som vart fødd på garden Vatne 5. mai. Dagen etter nedkomsten hadde jenta lammet opp på fanget for å kose med det. Då såg ho at det var litt for mykje av ting og tang som hang og slang.

— Utstyret har delt seg, meinte dottera.

Og slik kunne det sjå ut. På Vatne trudde dei lammet var fødd med dobbelt sett av heile understellet. Dermed blei dyrlegen involvert.

— Eit verlam med dobbel penis vil vere ein medisinsk sensasjon, tenkte distriktsveterinær Trond Arild Henriksen. Og la turen til Vatne.

Der kunne han konstatere at det nok ikkje var fullt så mykje for mykje. Sjølv om det faktisk ved første blikk ser ut som om dyret har to penisar, er det berre ein. Derimot heng det altså to pungar og dinglar under den vesle karen.

— Uansett er det spesielt. Eg har ikkje sett slikt før, seier Henriksen, som har sett underlege utslag av naturens skeive gang før. I Irland tok han ein gang imot eit lam utan hovud. Det gjekk ikkje bra. Den vesle krabaten på Vatne er derimot i storslag.

— God og rund som dei andre lamma, fastslår Rosalie Holstad.