Spesialveterinær Martin Binde hos Fylkesveterinæren for Hordaland og Sogn og Fjordane fortel at dette er ein dårleg nyhet.

— Dette er det første tilfellet i Hordaland i år. Vanlegvis er ikkje dette smittestoffet særleg aktivt når det blir varmt i sjøen. Vi er selvfølgeleg spent på om det kjem fleire utbrot, men vanlegvis er sommaren ein roleg periode, forklarar Binde.

Oppdrettsanlegget ved Gjerdevik i Eikelandsfjorden må no tømast for fisk, men truleg kan den friske fisken i anlegget brukast som mat. Infeksiøs lakseanemi (ILA) er nemleg berre farleg for fisk, og ikkje for menneske.