Blant over eit dusin metodar under utvikling for å redusera luseplaga, er det luseskjørtet som har mest vind i segla som tillegg til medikament og reinsefisk. Produksjonen av utstyr går for fullt hos dei to norske hovudleverandørane.

Det er vår og tid for den årlege avlusinga i oppdrettsbransjen. Lakselusa påfører oppdrettarane årlege utgifter på opp mot to milliardar kroner, og utgjer samstundes eit stort trugsmål mot vill laks og aure. Når lusa i tillegg har utvikla motstandskraft mot enkelte avlusingsmiddel, har forskinga på ikkje-medikamentell behandling blitt intensivert.

PRINSIPPET: Inntil ti meter side skjørt eller spesialdukar på utsida av merden hindrar påslag av lakselus heilt ned på larvenivå, og reduserer groing på nota. Teikning: Calanus AS

Test i Hardanger

— Det er eit stort behov for ikkje-medikamentelle tiltak. Ved hjelp av ein smittepressmodell vi har utvikla, har vi vist at såkalla skjørt har redusert lusepresset enormt, seier forskar Randi Grøntvedt, som koordinerer Veterinærinstituttets forskingsgruppe på lakselus.

Uttesting av luseskjørt har pågått i Nord-Noreg i tre år. Dei første forsøka ved Nordlaks Oppdrett sitt anlegg ved Furnes i Nordland. Dei viste overraskande at ti meter lange skjørt av planktonduk i sjøen kunne redusera gjennomsnittleg mengd lus på laksen med opptil 70 prosent over ein sjumånadersperiode.

Veterinærinstituttets seinare studie viste ein gjennomsnittleg reduksjon i lusepåslaget med 50 prosent med eit ti meter djupt skjørt.

— Vi har eit litt blanda resultat, men ser at det kan redusera behovet for avlusing, seier Erlend Haugarvoll, dagleg leiar i Lingalaks AS.

Hardanger-selskapet er med i eit forskingsprosjekt med selskapet Botngaard, som leverer presenning til bruk ved avlusing, og har utvikla eit såkalla permaskjørt til å verna merdar mot luseåtak. Lingalaks har sidan i haust testa skjørtet på ein lokalitet ved Husnes.

Sterkt smittepress

Forskingsprosjektet i Nordland gjekk blant anna ut på å kle alle 11 merdane i eit oppdrettsanlegg med ti meter djupe planktondukar. Den nyutvikla smittepressmodellen blei nytta til å rekna ut smittepressnivået mot alle oppdrettsanlegg innanfor ein radius på to mil av testanlegget.

— Alle anlegg, også det med skjørt, viste seg å vera utsette for eit sterkt press av luselarvar. Etterpå samanlikna vi korleis utviklinga av lus blei på anlegget med luseskjørt i forhold til dei kringliggjande anlegga. Det var kjempeskilnad. Anlegget med skjørt var utan påslag av lus i lang tid, dei andre hamna i eit løp med mykje lusesmitte og behov for fleire avlusingar, nett slik smitteberekningane hadde føresagt, seier forskar Randi Grøntvedt.

Risikomoment

Ulempen med luseskjørt er faren for mindre sjøgjennomstrøyming til laksen i merden, slik at fisken får for lite oksygen. Særleg ved høg sjøtemperatur kan det vera eit risikomoment om skjørtet er tett og stikk for djupt, eller om det har for små masker. I sitt første larvestadium i utviklinga til vaksen er lakselusa berre 0,7 millimeter lang og 0,25 millimeter brei, og det er i dette stadiet lusa festar seg til laksen.

— Vi prøver enno ut duken vår, blant anna med ulik maskevidde. Men forsøka ser veldig lovande ut, seier forskings- og utviklingssjef i Calanus AS, Kurt Tande.

LUSEFORSKAR: Randi Grøntvedt koordinerer Veterinærinstituttets forskingsgruppe, som har spesialisert seg på lakselus og har utvikla ein metode til å rekna ut lusa sitt smittepress overfor oppdrettslaksen. FOTO: PRIVAT