10.000 — 15.000 oppdrettslaks symde ut i fjorden etter at ein fôrbåt reiv sund merdnota på Bremnes Fryseri sitt anlegg ved Spissøy 22.juli. Dagleg leiar Olav Svendsen jr. i Bremnes Fryseri AS var ikkje klar over at uhellet er blitt politisak då Bergens Tidende snakka med han laurdag. Men han stadfestar at ein av merdane blei flerra opp av ein båt som låg inntil anlegget i sommar.

Bremnes Fryseri sitt anlegg har lokalitet på sørenden av Spissøy. Olav Svendsen jr. seier at selskapet førebels ikkje har oversyn over kor mykje fisk som rømde. Det var i alt 75.000 oppdrettslaks med ei snittvekt på 3,5 kilo i den aktuelle merden.

Mistanken om rømming oppstod ikkje før to dagar etter at uhellet skjedde, sannsynlegvis fordi propellen på ein båt som leverte fiskefôr kom borti merdnota. Oppdrettsselskapet høyrte rykte om at fritidsfiskarar fekk laks i området rundt anlegget. Undersøkingar resulterte i funn av ei halvannan meter stor flerre i nota tredje dagen etter uhellet.

Fiskeridirektoratet har bede poltiet om å prioritera saka høgt, og viser til at rømt oppdrettsfisk er eit stort samfunnsproblem. Fiskeridirektøren har gitt instruks om skjerpa praksis med omsyn til sikring mot rømming.

Regiondirektør Terje L. Magnussen meiner at dei ansvarlege i Bremnes Fryseri i dette tilfellet verken har utarbeidd ein velfungerande beredskapsplan eller gjort det som var naudsynt for å unngå rømming.