Laksefangarane frå Os

- Eg vart så ivrig etter å kome hit at då eg køyrde frå jobben gløymde eg både røyk og telefon, seier Kjetil Sandven. Han er ein av dei utvalde som skal fiske oppdrettslaksen ut av Oselva.

Les også:

Onsdag melde folk om at det gjekk oppdrettslaks i Oselva. I går opna fylkesmannen, for andre gong på ti år, opp Oselva for fiske utanom sesongen. For å hindre at endå meir oppdrettslaks blandar seg med villaksen, og øydelegg stamma.

Men ikkje alle får vere med. Fylkesmannen gav jobben til Os jakt og fiskelag, som valde ut seks røynde fiskarar.

Frå førstemann kom i halv tolv tida og til mørkret jaga sistemann bort, hadde dei i går fiska opp rundt 30 oppdrettslaksar.

Lite fisk utan reker
- Brukar du ikkje reke? Brynjar hadde forstått det. Han møkte opp ti stykke på halvannan time.

Leif Djuvik smiler svakt etter sin eigen kommentar, og gumlar vidare på skillingsbollen.

Kjetil Sandven mumlar noko om at det kanskje hadde vore noko, og kastar vidare utan å få fisk.

Skytelina vasar seg òg. Kanskje ikkje heilt ideelt å fiske med ei fotolinse peikande mot seg, og vissa om at dette kjem i avisa.

For Sandven kan å fiske. Han leiar ungdomsutvalet til fiskarane i jakt og fiskelaget. Han er til og med instruktør i flugefiske.

- Det var betre før i dag, då det var flo, seier Sandven.

Han er ein av dei siste som står att. I dei tusen heimar flimrar Barne-TV eller danseskolen over skjermane. På handikapbrygga ved Oselva har det byrja å skymes.

Ein sekk til gamleheimen
Ingen veit kvar all oppdrettslaksen kjem frå, bortsett frå at den har kome seg ut frå eitt eller anna oppdrettsanlegg.

- Alle har ikkje rømd samstundes, konstaterer Einar Sørstrønen, og peikar på dei tre fiskane han har teke med seg til ære for BT.

Alle er fanga denne dagen, men den eine er langt større enn dei to andre. Sørstrønen, som leiar fiskeutvalet i jakt og fiskelaget, viser oss sprekkar og hakk i spor og finnar. Klåre kjenneteikn på at det er rømd oppdrettslaks.

Fiskarane har tatt opp fleire villaksar òg, men dei går rett ut att i elva. Oppdrettslaksen derimot, tek fiskarane med seg heim. Men med 30 laksar på ein dag, dryp det litt på andre òg.

Av dei som får laks på menyen i dagane framover er gamleheimen på Os. Dei fekk ein heil sekk med fisk i går.

Og meir blir det nok. For fiskarane i Oselva skal halde på i to veker til.

I fjorden er det plenty med rømd oppdrettslaks, og folk blir oppfordra til å setje garn.

Ukjende miljøsyndarar
Men berre moro er det ikkje med den rømde laksen.

- I det store og heile veldig alvorleg. Rømd oppdrettslaks er eit alvorleg trugsmål mot laksebestandane våre, seier rådgjevar Atle Kambestad på Fylkesmannens Miljøvernavdeling.

Han seier fisken i Os-elva truleg stammar frå to utslepp, som har skjedd for mindre enn to veker sidan.

- Det kan vi seie med stor tryggleik fordi dei er så samla. Laks er ikkje stimfisk, og spreier seg raskt, seier han.






Les også

Siste fra Lokalt

Kranglete mann kom kjørende full på fest

Politiet rykket ut til Rosendal.

Ramponerte flere parkerte biler

Mann sendt til legevakt for å sy sårene etter å ha knust flere ruter.

Her stiller han klokken

«Jeg er kongen av Bergen», ropte mannen etter å ha dyttet på viserne.

- Aldri sett så mye grisekjøring

Her fliser han forbi, tett inntil land i høy fart.

Krasjet på land med båt

Båtfører i 40-årene sendt til sykehus.

- Rømd oppdrettslaks er eit alvorleg trugsmål motlaksebestandane våre.

Atle Kambestad, Fylkesmannens Miljøvernavdeling

Relaterte bilder

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger