OVE A. OLDERKJÆR

— Dette med speleautomatar er ingen enkel politisk sak. Men det er feil å gje automatane skulda for alt som er gale i samfunnet, sa Anne Enger Lahnstein til eit stuvande fullt Vonheim ungdomshus i Våge under den årlege basaren til kvinnene i Redningsklubben på Tysnes sundag.

Redningsselskapets drift av 36 redningsskøyter kysten rundt får årleg heile 160 millionar kroner inn på pengeautomatar. Summen kan bli redusert med 90 prosent dersom alle automatar skal inn i spesielle spelehallar og berre tillatast for personar over 18 år.

Vil betra etikken

— Eg trudde aldri at eg skulle koma i ein posisjon der eg må forsvara automataktivitetar. Men alle vi humanitære organisasjonar som har inntekter av dette er opptekne av å ha ei etisk forsvarleg drift. Ti organisasjonar har kome med innspel for å betra den etiske standarden. Eg har tillit til at kulturminister Valgerd finn ei god løysing, sa Anne Enger Lahnstein.

Den tidlegare senterpartistjerna fekk óg fortalt den store basarlyden at ho ikkje lengtar tilbake til politikken.

Lahnstein sa også at Redningsselskapet har tinga to nye redningsskøyter. Den populære kvinna frå Indre Østfold kom dessutan inn på dramatikken ho kom midt oppi om bord i redningsskøyta «Sundt» 5.november i fjor.

Berre fem veker etter at Lahnstein var blitt generalsekretær, blei ein omvisingstur med RS «Sundt» brått endra til ein redningsaksjon og søk etter ein sakna mann i Bjørnefjorden. Lahnstein styrte ljoskastaren og oppdaga mannen livlaus i sjøen. «Ei veldig sterk oppleving», sa ho sundag om den tragiske ulukka.

Handtrykk og årar

Anne Enger Lahnstein kom til Våge med RS «Sundt» og drog tilbake med RS «Øivind Lorentzen». På sin første basar opna ho med å handhelsa på alle frammøtte, blant dei hennar gamle Sp-kollega Sverre Helland.

Lahnstein deltok også ivrig i årekjøpet, men drog heim utan vinst. Ein blomebukett og ullsokkar strikka av Redningsklubbens leiar Eva Lande fekk ho likevel med seg i veska.

Det var ein basar med deltaking av Tysnes Musikklag, allsong, matøkt og lodd- og åresal over ein lav sko. Inntekta for kvelden blei rekordstor; 40.000 kroner brutto, fortel Eva Lande.

Redningsklubben har eksistert i 29 år, og er samansett av ti kvinner som møtest ein gong i månaden. Den første Tysnes-krinsen i Redningsselskapet blei etablert i 1936. Tysnes har lange skispfartstradisjonar.

POPULÆR GJEST: Redningsselskapets generalsekretær Anne Enger Lahnstein var ein populær gjest som handhelsa på alle basardeltakarane i Vonheim på Tysnes sundag, blant dei Aslaug Berge til venstre., Oløf Teigland og Tor Ottersen.
Foto: Ove Olderkjær