— Vi må kanskje få inn våpenfagleg hjelp for å finne ut kva alt dette er, seier politioverbetjent Arnfinn Grydeland.

På golvet framfor han på Laksevåg lensmannskontor ligg nok våpen til å utruste ein heil liten privat hær: Tre maskingevær, ein Uzi maskinpistol, pumpehagler, ein Colt automatpistol, fleire automatrifler, sju revolverar og godt over 20 enkelt- og dobbelløpa hagler. Pluss fleire antikke våpen og ein 40 mm granat.

Kasta søppel

Alt dette og meir til fann politiet i huset til ein 52-åring på Mathopen tysdag kveld. Mannen kunne berre vise fram løyve for 23 av dei i alt 73 våpna, difor tok politiet med seg alt for å finne ut kvar sakene kjem frå og kva mannen faktisk har lov til å ha.

Politiet avla 52-åringen eit besøk etter at dei kom over han i Hetlevik-området laurdag kveld. Naboar hadde klaga over at mannen kasta frå seg søppel, og då politipatruljen kom fram, fortalde mannen sjølv at han hadde store mengder våpen heime.

52-åringen er ein ihuga samlar av det meste, og hadde huset fullt også av andre saker, blant anna gamle uniformer og store mengder fotoutstyr.

Innpakka i avispapir

Han har sjølv sagt til politiet at han har alle papira i orden.

— Vi har heller ingen mistanke om at han har skaffa seg våpen på ulovleg vis. Men vi trur han manglar løyve for ein del. Vi må også vurdere om lagringa har vore forsvarleg, seier Grydeland.

VÆPNA TIL TENNENE: Politioverbetjent Arnfinn Grydeland kunne forsvart seg mot dei fleste med våpenlageret som politiet fann i Mathopen tysdag kveld
BJØRN ERIK LARSEN