Laurdag føremiddag skulle Geir Ivar Ramsli frå Kyrkjebø sjekke prisen på ei flyreise for seg sjølv og sonen Ivar (10). Overraskinga blei rimeleg stor då billegbillettar frå Førde Lufthamn til Oslo viste seg å bli 13 kroner dyrare enn dei dyraste billettane.

På to av fire avgangar til hovudstaden onsdag 28. november fekk Ramsli ein pris for dei billegaste billettane på 2443 kroner. I følgje Widerøes nettstad kosta vaksen— og barnebilletten på dyraste klasse til saman 2430 kroner.

Bestemt av staten

— Eg kan skjøne at prisane kan bli like, om flyet er så godt som fullt. Det er sjølvsagt avgrensa kor mange billege billettar dei tilbyr på kvar avgang. Det som vil skje når desse er utselde, må vel vere at reisande berre får tilbod om dei billettane som er att, dei dyraste. Men at dei kan tilby billettar som er dyrare enn dei dyraste billettane, kan eg ikkje forstå, seier Ramsli.

Det har også informasjonssjef Siw Sandvik i Widerøe vanskeleg for:

— Dette må rett og slett vere ein feil frå vår side, seier ho.

Tre klassar

Widerøe opererer med tre prisar på sine flyreiser. Billegklassen kallar dei «Happy». Dette er billettar utan fleksibilitet, der prisane varierer alt etter kor mange billettar det er att av denne typen på kvar avgang.

Dei to andre klassane er mellomklassen «Flex» og den dyraste «Full Flex». Sistnemnde har ein fast pris, og er i praksis det som før i tida blei kalla for businessklasse. Slike billettar kan endrast utan ekstra betaling. Og dersom reisa ikkje blir noko av, får du pengane tilbake.

Sidan staten betaler for drifta av kortbanenettet, har dei også i praksis bestemt maksprisen flyselskapa kan ta gjennom anbodet. Mellom Førde og Oslo kan Widerøe maksimalt ta 1620 kroner for ein vaksen ein veg. For barn kostar det halvparten, 810 kroner. Ein «Full Flex»-billett frå Førde til Oslo for ein vaksen og eitt barn skal altså ikkje kunne koste meir enn 2430 kroner.

Skjønar ikkje

— Eg ventar i spenning på kva forklaring Widerøe har på dette, seier Ramsli.

Men noko god forklaring kunne ikkje informasjonssjef Siw Sandvik gje:

— Eg skjønar ikkje korleis dette har skjedd. For det skal ikkje vere slik. Det må rett og slett vere feil.

— Ja, det verkar litt snodig?

— Vi har anbod på rutene på flyplassen på Bringelandsåsen, og i dette anbodet ligg det ein maks billettpris som er det det kostar å reise på «Full Flex». Dyrare enn den, skal det ikkje bli. Vi får neppe gjort noko med dette i helga, men måndag morgon må vi sjå på kva som er årsaka.

Geir Ivar Ramsli bur seg no på å bruke landjorda for at han og sonen skal kome seg til hovudstaden siste veka i november.

BILLEG VART DYRT: Overraskinga blei stor for Geir Ivar Ramsli og sonen Ivar då billegbillettar frå Førde Lufthamn til Oslo viste seg å bli 13 kroner dyrare enn dei dyraste billettane. FOTO: MAY BRITT EIDE, YTRE SOGN