2009 er året då Eidfjord feirar 700-årsjubileet for den gamle kyrkja si, heile året til ende. Mellom 80 og 100 hardingar med hug til amatørskodespel er venta til den første leseprøven. Tre landskjende skodespelarar skal hyrast inn, i tillegg til tre profesjonelle dansarar.

Kanskje blir det historiske kyrkjespelet «Heilagbrotet» ei årviss hending inst i Hardangerfjorden. Arnulf Haga er hyra inn som regissør og instruktør. Han har bakgrunn frå Olsokspelet på Stiklestad.

– Kall det gjerne spel, dersom det er rett etter dialekten, men dette er fullverdig teater, friluftsteater av beste slag, ivrar Haga, og skamroser manuskriptet som Torunn Ystaas frå Voss har skrive.

Han karakteriserer manuskriptet som fiksjon som heng på historiske knaggar. Det er spanande. Kvasse maktkampar utspelar seg. Streng kristendom avløyser dei norrøne gudane og så følgjer striden mellom kyrkjemakt og kongemakt.

– Dette er teater for tre generasjonar, også unge. Vi har lett for å tenkja på historiske personar som gamle folk. Det var dei ikkje, seier Haga.

Barnekonge

– Eirik Magnusson, sonen til Magnus Lagabøte, var berre 12 år då han vart konge av Noreg, minner Torunn Ystaas om.

Som 14-åring vart Eirik gift med prinsesse Margaret av Skottland, som 15-åring vart han både far og enkjemann då dronninga døydde i barsel. Tre år gammal vart dottera Margrete dronning av Skottland, og fire år seinare døydde ho, slik at Eirik vart barnlaus i ein alder av 22 år. Hans andre ekteskap var barnlaust og broren Håkon V overtok trona då han døydde 31 år gammal.

Det er kong Eirik (1268-99), og ikkje minst formyndarane hans, Torunn Ystaas har skrive inn i kyrkjedramaet i Eidfjord.

Den lokale «helten» er Ragna Asolfdotter frå Simadal. Ho var såpass rik at ho gjekk under namnet Rika-Ragna. I staden for å bli pålagt ei lang pilegrimsferd, gav ho pengar til bygging av kyrkja. Eidfjord gamle kyrkje er vigd til St. Jakob, pilegrimane sin skytshelgen.

Gravsteinen som står inne i kyrkja fortel at Ragna vart gravlagt i 1310.

På skjeret

Segna fortel at Ragna sette mannen sin i land på eit skjer og rodde frå han. For slikt krev kyrkja ei offergjerning.

– Denne segna engasjerte meg. Eg ville finna ut kvifor ho gjorde dette, og kvifor smøret hamna i fossen, seier Torunn Ystaas.

Ho tru at ho har funne svara. Skulle ho ha bomma, så er det likevel godt teater, vel verdt å basera eit kyrkjespel på.

Manus er ferdig, framføringa tek maksimalt to timar, med eventuell pause. Musikken skal skrivast av Henrik Ødegaard . Han komponerte også musikken til eitt av Torunn Ystaas sine tidlegare kyrkjedrama, «Kveikjaren», framført i Vangskyrkja på Voss i 2000.

DRAMA: Torunn Ystaas er manusforfattar og Arnulf Haga skal regissera det spenningsfylte kyrkjedramaet «Heilagbrotet» som vert framført i Simadal 21.-24.mai 2009.
Arne Hofseth