JOHN LINDEBOTTEN

Norconsult har rekna ut at trafikken over brua vil liggja på rundt 1600 bilar i døge-ret i 2020. Det er 25 prosent mindre enn det talet som ligg til grunn for den finan-sieringsplanen fylkestinget godkjende før jul. Då gjekk ein ut frå 2200 bilar over brua i 2020.

Det er gratis Folgefonntunnel frå 2016 som gjer innhogget i trafikken over Har-dangerbrua. På det tidspunktet vil truleg også ferjestrekninga Årsnes-Gjermundshamn vera i drift, med kortare ferjereise enn i dag frå Løfallstrand.

I Statens vegvesen slit dei no med å sy saman eit truverdig opplegg for finansie-ring av Hardangerbrua som dei kan pre-sentera for Samferdselsdepartementet. Planen er at bygging av Hardangerbrua skal handsamast i Stortinget før ferien. Samferdselsminister Torild Skogsholm seier til Bergens Tidende at ho garanterer for det. Og på folkemøtet om brua i Eid-fjord måndag kveld kunne det sjå ut som om fleirtalet på Stortinget forlengst er sikra.

Ikkje fasitsvar

— Vi skal arbeida med dette til utgangen av april. Det er ein kraftig nedgang i tra-fikktala vi har fått gjennom den siste analysen. Men det er ikkje sagt at dette vert vår konklusjon. Dette er eit innspel, og vi vil setja dei siste tala frå Norcon-sult opp mot dei analysane som er gjort tidlegare, og elles nytta den kunnskapen vi har om dette, seier prosjektleiar for Hardangerbrua, Kjell Kvåle, til Bergens Tidende.

— Trafikkprognosar er aldri noko fasit-svar, legg han til.

Også for Jondalstunnelen er trafikktala skrudde ned. I førre veke fekk vi vita at Hordaland fylkeskommune må finna vel 40 millionar kroner ekstra for å fylle opp finansieringspakken. Også der vil eit forkorta samband Årsnes-Gjermundshamn slå negativt ut.

Kamp for god rente

Samstundes går det føre seg ein kamp for å få så gunstig rente som mogleg på bompengelånet for Hardangerbrua. Endå er det ikkje klårt om Vegdirektoratet vil godkjenna 17,5 år for bompengane, eller om dei vil krevja 15 år. Fylkesrådmann Paul M. Nilsen meiner at 15 år i staden for 17,5 år og ein renteauke frå 6 til 6,5 prosent vil skapa ei hol på 250 millionar kroner som må fyllast med riksveg-pengar. Styreleiar Einar Lutro i Har-dangerbrua AS opplyser at dei har folk som leitar i marknaden etter ei gunstigare lånerente. Vona er å koma ned under 5,5 prosent.

Fylkesutvalet har gjeve fylkesrådmannen fullmakt til å kjøpa ein opsjon på ei gunstig rente. Prisen for eit slik kjøp kan liggja frå 3 til 15 millionar kroner, opp-lyser fylkesrådmannen.