HAVELGEN: Skinnbåten har allereie fått namnet Havelgen. Hovudet har Børje Møster skåre ut sjølv. - På syttitalet laga iren Tim Severin ein einskrogs skinnbåt for å visa at det var hald i den gamle legenda om munken Saint Brendan, som kryssa Nordatlanteren og oppdaga Newfoundland fire hundre år før vikingane, fortel Møster.
Frivannsliv

— Det er heile elgskinn som er sett på. Granberg Garveri i Ølensvåg har sponsa oss, men me har òg kjøpt mykje sjølve, seier Møster.På nettsida til Frivannsliv driv dei bloggen «Skinnbåten - et eksperimentelt prosjekt om vår eldste kystkultur», og skriv jamleg om det ein kan kalla eit utradisjonelt båtprosjekt.

Til og med seglet vert av skinn.

— Råseglet er av reinsdyr. Det er mykje tynnare enn elghuda, som er tjukt lær. Allereie har me nytta over 60 liter med fiskeolje for å gjera skinnet vasstett, seier Møster.

Mystiske helleristingar

Frå garden sin Godjord i Øvre Manger er draumen hans i ferd med å bli verkeleg. Ein båt av skinn og andre naturmaterial skal etter planen stå ferdig før påske.

Prosjektet er heilt i hans livsfilosofiske og idealistiske and, og ikkje minst av personleg interesse.

— Eg har stor fascinasjon for stein- og bronsealderen, og den eldste delen av kulturhistoria som me veit så lite om. Helleristingar er mystiske i seg sjølv. Det er mykje symbolikk som me ikkje anar kva betyr, seier Møster, og legg til;

— Båtane var særs viktige i denne kulturen og mange stader dominerer dei helleristingsfelta. Med skinnbåten vil me testa ut ein teori om korleis nokre av dei kan ha sett ut.

HUDPLANK: Skinnet er klar til å boltast fast. Samla skinnvekt med olje og det heile vert rundt 300 kilo.
Frivannsliv

Prøving og feiling

Det var først då Møster for nokre år sida leverte ein modell av ei havlærskilpadde til Kon Tiki-museet i Oslo at ideen vaks fram.

Då han stod og kikka på ein modell av ein uteriggarkano frå Stillehavet, oppdaga han at den likna på ei helleristing i Noreg.

— Heilt opp i våre dagar omtalar ein dei yttarste borda i trebåtar som hudplank eller berre hud. Det syner at omgrepet har vorte vidareført frå den tida ein nytta nettopp dyrehud på båtane, fortel Møster.

Det finst inga oppskrift på korleis ein skal nytta hudplank på ein båt i 2014. Då gjeld det å nytta livslæra. Prøva og feila, og gå etter vegen som vert til.

— Me veit lite om konstruksjonsteknikkane som dei nytta. Difor vert båten laga instinktivt og etter ein slags byggjeteknisk intuisjon. Såleis er skissene særs enkle, seier Møster.

Rogn og hassel

Båten vert best karakterisert som ein «eksperimentell, arkeologisk rekonstruksjon», meiner Møster.

300 KILO: Med hovedskrog og uteriggar, inklusive dekkshud og segl, vert den samla skinnvekta på 300 kilo inklusiv fiskeolja som skinna er sett inn med.
Frivannsliv

Poenget er at den berre skal vera laga av naturmateriale som var tilgjengeleg i delar av stein— og bronsealderen:

Skjelettet vert bygd opp av eik, furu og lerk, med spant av rogn og hassel.

Spanta vert kokt og bøygd til, og surra saman med reimar av selskinn, hamp og lintråd.

Treverket og snurringane vert sausa inn med ei blanding av linolje og tjære.

— Seig og sterk elghud

— Korleis flyt ein slik båt?

ØKOLOGISK: Skjelettet vert bygd opp av eik, furu og lerk, med spant av rogn og hassel.
Frivannsliv

— Eg reknar med at den kjem til å flyta veldig godt. Vekta vert låg, og den seige og sterke elghuda toler ein støyt. Sjølve skinnet er trekt inn med fiskeolje og smurt inn med seigt lærfeitt, og til slutt har me smurt saumane inn med ullfeitt.

— Kva funksjon har ullfeittet?

— Ein særs viktig funksjon. Det løyser seg ikkje så fort opp i sjøvatn og held seg over lang tid. Men båten må jamleg takast opp på land for å tørka og smørjast om att på nytt.

Ein økologisk båt

Anda i prosjektet er at båten etter kvart skal gå attende til naturen. Difor er det ein økologisk båt, ifølgje Møster.

Og det er viktig for båtbyggjaren.

— Moderne plastbåtar kan verta eit forureiningsproblem. Her nyttar me miljøvenlege råvarer som går inn att i næringskjeda etter bruk. Eg har alltid hatt ei interesse for å spela på lag med naturen og visa at ein kan gjera ting enkelt, seier Møster.

NEVENYTTIG: Børje Møster er utdanna kystskipper, akvateknikar og pedagog. Han har vore skipper på seglskute, slepe- og brønnbåt, og marinefartøy.
Frivannsliv

Han er ikkje framand med skinn, i alle fall. Både trommer og skinnklede har vorte til frå fingrane til idealisten og gardbrukaren i Nordhordland.

Her kjem også gjestearbeidarar heilt ifrå Amerika og andre stader i Europa. Dei vil sleppa kjas og mas, og læra seg nye teknikkar for å overleva i naturen. Ein slags motreaksjon til dagens samfunn, trur Møster.

— Eg ser at folk har stor historisk interesse så lenge ein får delta aktivt. Det handlar om å leika seg attende i tid. Difor har eg og ein god arkeologven ambisjonar om å opna eit steinaldersenter i Nordhordland. Her finst rike funnstader og nokre av dei eldste og busetjingsmønstra i landet.

SKRIVE I STEIN: Helleristingar som dette var inspirasjonen til skinnbåtprosjektet.
Frivannsliv