TERJE ULVEDAL

— Vi snakkar om eit nasjonalmonument, seier kulturý og næringssjef i Gulen, Harald Haugejorden.

Det er kunstnaren Bård Breivik som på oppdrag har laga eit forprosjekt for korleis tusenårsstaden på Flolid ved Eivindvik kan leggjast til rette.

24 meter høg

Sentralt i dei ambisiøse planane står ein 24 meter høg krossliknande skulptur. Kunstverket vert eit av dei største i landet. Til samanlikning er Fridtjofýstøtta på Vangsnes 27 meter høg. Landemerket skal lagast i bronse, og plasserast på høgaste punktet på øya Fonna rett over sundet frå Eivindvik. - Grunntanken er å markere Gulatingsstaden både frå skipsleia, frå Flolid og Eivindvik. Rett og slett å fortelje folk at her ligg Gulatinget, ein stad du bør stoppe, seier Bård Breivik til Bergens Tidende. Kunstnaren har laga fleire utkast til bronsemonumentet, og reknar med at det vert ein statue med relativt grov struktur.

— Eg kan vel ikkje sjå bort frå at dette fort kan verte ei interessant sak for klatrarar, ler han.

Trenger sponsorer

Bård Breivik legg ikkje skjul på at dei vil starte med bronsekrossen, for å skape blest om prosjektet.

— Det ligg litt i bakhovudet at ein så monumental skulptur kan gje tusenårsstaden i Sogn og Fjordane ein profil som er interessant for sponsorar, seier Breivik.

Og sponsorpengar vert nødvendig, dersom alle Breiviks tankar for å utvikle tusenårsstaden i Gulen skal realiserast. Staten kjem truleg til å bidra med kring ti millionar kroner. Den samla kostnadsramma for heile forprosjektet som Breivik har utvikla, ligg etter det Bergens Tidende forstår mellom 30 og 40 millionar kroner.

Skulpturar

Nasjonalmonumentet på Fonna er berre eitt av seks innspel Breivik har levert. Kunstnaren vil plassere fem-seks meter høge steinskulpturar i rosa granitt i grupper på tusenårsstaden. Granitten vil vere ein kontrast til det som finst i området. På ei slette vest for dagens scene og tribuneanlegg har kunstnaren framlegg om ein «Tingplass» med ein fast bålplass omkransa av skulpturar. Eit langhus i stein og glas er tenkt plassert i nedre kant av parkeringsplassen som inngangsportal til området.

Ei stor steinplate på 12x12 meter skal fungere som scene. Bak kjem skulpturar som «veggar», og i tillegg skal det tørrmurast sitjeplassar i terrenget. I tillegg til alt dette kjem planlegging og prosjektering av tiltak i landskapet for stiar, vegar, mudring av kanal, parkeringsplass.

«EIN STAD DU BØR STOPPE»: – Grunntanken er å fortelje folk at her ligg Gulatinget, ein stad du bør stoppe, seier Bård Breivik.