Det var i 23-tida laurdag kveld at 68-åringen gjekk tur. Det var ekstremt glatt i området, og mannen sklei og fall ned ein skråning på seks-sju meter, melder NRK Sogn og Fjordane.

Høyrde ikkje ropa

Først dagen etter klarte den forslåtte og nedkjølte 68-åringen å få merksemda til to unge gutar som gjekk forbi søndag føremiddag. Det var då elleve timar sidan han fall.

Han ramla ned i ein frukthage som låg skjerma til for privathusa som låg omkring. Så det har derfor vore vanskeleg å høyre rop om hjelp i området.

Alvorleg skadd

Ambulansepersonell og frivillige hjelpte til med å bere mannen ein femti meter til ambulanse. Mannen vart frakta med luftambulanse til Haukeland Universitetssjukehus i Bergen, skriv nettstaden.

Mannen vart funnen sterkt nedkjølt og forslått. I ei pressemelding frå Haukeland sjukehus kjem det søndag ettermiddag fram at mannen har pådrege seg kraftige fallskader.

Tilstanden er alvorleg, men stabil.