Ifølgje kvinnas bror var det ektemannen som først fann henne, då han kom heim til Foldnes frå arbeid i 15.30-tida i går.

58-åringen låg då i senga si, blodig og forkomen, med eit ope sår i leggen. Det vart tilkalla hjelp, og kvinna vart frakta i ambulanse til Haukeland Universitetssjukehus.

Kvinna har sjølv forklart at ho i 13.30-tida fekk besøk av ein dørseljar.

— Ein mann i midten av 20-åra skal ha kontakta kvinna for å selje henne bøker eller bilete. Då ho avviste mannen, skal han ha teke fram eit handvåpen og skote henne i leggen, fortel lensmann John Reidar Nilsen ved Fjell og Sund lensmannskontor.

Kula ikkje funnen

Men for politiet var saka i går kveld eit stort mysterium:

  • Det vart ikkje funne noko kule i leggen under operasjonen på Haukeland.
  • Kvinna har forklart at skotet fall utanfor huset. Men ingen grannar har høyrt skot, sjølv om fleire var heime.
  • Ingen har sett framande personar gå til eller frå huset i løpet av gårdagen.
  • Ingen andre naboar er blitt oppsøkte av personar som har utgitt seg for å vere seljarar.

— For oss er saka eit mysterium. Det er svært rart at ingen har sett eller høyrt noko, seier lensmann Nilsen.

Kvinna vart i går kveld operert ved Haukeland universitetssjukehus. Der får BT opplyst at tilstanden hennar er stabil, og at ho berre har mindre skader.

Væpna politi

Politiet tok saka svært alvorleg, og sette i går inn store mannskap i etterforskinga. Gjerningsmannen skal ha forsvunne til fots, og politipatruljer med skotsikre vestar, automatvåpen og hundar gjorde omfattande søk i nabolaget på Sotra.

— Vi kan ikkje utelukke noko. Heller ikkje ein gjerningsmann som framleis ber våpen. Derfor må vi ta alle forhaldsreglar, sa Nilsen i går kveld.

Dei første rundspørringane gav heller ingen resultat. No ber politiet publikum om endå meir hjelp.

— Alle som har hatt seljarar på døra dei siste dagane, ber vi om å kontakte oss. Likeeins dersom dei har observert noko i det aktuelle tidsrommet, seier Nilsen.

Bergensdialekt

Ein teori etterforskarane jobbar utifrå er at kvinna vart forsøkt rana, men at dette mislykkast då ranaren vart avvist i døra. Det kan i så fall forklare kvifor ingen andre naboar har blitt oppsøkt av seljaren.

— Har politiet opplysingar om at kvinna eller hennar næraste skal ha vorte truga på noko vis? - Det er ingen slike opplysningar som vi kjenner til. Heller ikkje noko anna som kan forklare hendinga, seier Nilsen.

Politiet har ikkje anna signalement enn at gjerningsmannen er midt i 20-åra, snakkar bergensdialekt og at han er mellom 170-180 høg. Han skal ha hatt ein blå caps på hovudet.

<b>BLØDANDE SÅR:</b> Den skadde 58 år gamle kvinna vart frakta til Haukeland Universitetssjukehus i ambulanse i går ettermiddag. FOTO: FRED IVAR UTSU KLEMETSEN
<b>KRIMINALTEKNIKARAR:</b> Seint i går ettermiddag gjekk to kriminalteknikarar i gang med å undersøkje huset der kvinna vart funnen på Foldnes. <br/>Foto: HELGE SKODVIN