Ladar harpunen mot oppdrettslaksen

Med dykkardrakt, maske, snorkel og harpun vil Børje Møster og Martin Søfteland reinske elvane for rømt oppdrettslaks.

Allereie i januar lansert Møster og Søfteland ideen om eit elvepleiarkorps av dykkarar. No leitar dei etter ei elv og eit elveeigarlag som vil teste ut ideen. Sjølv er dei skråsikre på suksess.

- Som å jakte storfe i fjøset, seier Søfteland.

Ute i Bruhølen i Arnaelva, ligg Møster og speidar etter fisk. Eit tjukt neoprenlag vernar han mot det vårkalde vatnet. Rundt 40 småfisk kan han telje, fisk som skal ut i havet og vekse seg vaksen og gyteklar.

Problemet er at fisken har selskap av rømt oppdrettslaks når den vender attende. Mellom 25 og 30 prosent av fangsten sportsfiskarane har fått i Arnaelva dei siste åra har vore oppdrettsfisk.

Haustjakt i elva
Blir oppdrettslaksen for talrik i høve til villfisken - slik som i Vosso - kan den rett og slett fortrengje den ville laksen frå gyteplassane.

Den opphavlege stammen av Vossolaks - som var vidkjend for å vere uvanleg storvaksen - overlever i dag berre fordi den er teken vare på i fiskekummane i genbanken i Eidfjord.

Det er slik «genetiske forureining» gjenfangst av rømt oppdrettsfisk skal forhindre.

Søfteland og Møster sitt prosjekt er å ta ut oppdrettsfisken der skaden skjer, på gyteplassane om hausten.

Lite stress
Børje Møster har lang erfaring som dykkar og harpunjeger i sjøen. Han driv i dag sitt eige firma, Frivannsliv, som har spesialisert seg på kurs i fridykking, der dykkaren må greie seg med den lufta ho eller han har i lungene.

Å bruke lufttank i elv er både tungvint og unødvendig meiner han.

I dei grunne elvane vil fridykkaren lett kunne operere frå overflata, kartleggje kvar fisken står, forvisse seg om kva som er oppdrettsfisk og rette harpunen mot målet.

Å bruke not vil stresse og skade fisken langt meir enn harpun meiner han.

Tre-fire meter er sikkert skothald og dit er det ingen problem å kome.

Sym du roleg nok vil fisken ta deg for ein tømmerstokk. Ein dykkar kan ta ut oppdrettsfisk utan å stresse resten av fisken i hølen, er Møster si erfaring.

Må merke laksen
- Men korleis skilje vill laks frå oppdrettslaks?

- Ein vaksen oppdrettslaks som rømmer kan kjennast att på meir slitne finnar og spord enn villfisken. Det store problemet er oppdrettslaks som har rømt som smolt og vakse opp i havet før den vandrar opp i elvane. Den vil ikkje ha den same slitasjen som laks som har vakse opp i eit anlegg.

Møster og Søfteland sitt forslag er å klippe feittfinnen, finnen mellom spord og ryggfinne, før oppdrettsfisken blir levert frå setjefiskanlegga. Slik blir oppdrettslaksen lett å kjenne igjen.

Ei slik merking opnar også for ei lovendring.

Sjøfiskarar må i dag sette ut igjen laks som ikkje er tekne på godkjent reiskap eller er teken utanom godkjent fisketid. Med merking kan utkastpåbodet opphevast for oppdrettslaksen.



Les også

Siste fra Lokalt

Brannalarm i sentrum

Kraftig røykutvikling fra bakeri i Chrisitian Michelsens gate. - Det brant i en bakerovn, sier brannsjef.

Her kjører båten
folk med billetter

Noen gråt og andre bannet. - Dette spolerer ferien vår, sier trebarnsmor.

Streiken kan pumpe kloakk
rett ut ved badeplassene

- Økt fare for kloakk rett i sjøen, sier streikende driftsoperatører i Bergen Vann.

Tråsyklist krasjet i autovern

Kvinne (57) braste rett inn i autovernet på sykkel på Osterøy i nærheten av Lonevåg.

Pinseutfarten gir lange køer

Skaper lange køer ved Krambua.

To gutter (3) savnet fra barnehage

Full alarm da guttene hadde vært borte en time.

Relaterte bilder

FOTO: Silje Katrine Robinson

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger