Ei imponerande rekke med åtte bilar utan antydning til eksos, svinga inn på tunet på Voss Vandrarheim i går kveld.

Kort tid etter vart eit virvar av skøyteledningar kopla til ein straumleidning som kom ut gjennom kjøkenglaset.

— Verda hadde vore så mykje enklare for oss elbilentusisastar dersom folk hadde sett opp stikkontakter utandørs, seier rallyleiar Øyvind Lunde til Bergens Tidende.

Det skal berre ein vanleg stikkontakt til, så luntar dei små, stillferdige bilane ti mil vidare.

Dei skal eigentleg frå Oslo til eit Elbil-treff i Løgstør i Danmark, men tek omvegen om Bergen for å oppleva meir natur og fleire turistattraksjonar. Danskar og svenskar er også med. Eit par frå Danmark har aldri eigd bensindriven bil, og har ikkje opplevd Vestlandet før. Dei er storleg imponert.

Men dei imponerer sjølve også, med å forsera Stalheimskleiva med elbil. Norske Think har stor motor i høve til vekta, og har ingen vanskar. Andre modellar er tyngre, og med mindre motorkraft røyner det på.

— Teknikken er å halda god fart, rundt 20 kilometer i timen, oppover. Enkelte køyrde forsiktig, og motoren gjekk varm. Etter ei stunds kvile, tok motoren seg opp att, og med betre fart, kom alle seg opp, fortel Lunde.

I dag går turen vidare til Bergen, via fjellvegen over Hamlagrø. På Dale tek dei ladestoppen som trengst for at dei skal vera sikre på å nå Danskebåten.

BUNKRING: Jørn Christiansen frå Nittedal og Jette Meyer frå Bergen fyller på med brus til seg sjølv og straum til bilen under opphaldet på Voss.<
FOTO: ARNE HOFSETH