Prøvene blei tekne for å undersøkje kor store mengder hydrogensulfid det var i lufta i området ved Sløvåg etter eksplosjonen. Då laboratoriet Eurofins skulle tilsetje kjemikaliar for å finne ut dette, tok dei rett og slett feil stoff. Dermed blei prøvene øydelagde.

Hydrogensulfid er same gassen som stig opp frå gjødselkjellarar. I store konsentrasjonar er gassen akutt giftig, det er mange tilfelle av at heile buskapar har omkome på grunn av gasslekkasjar frå gjødseldeponi. Langvarig påverknad av mindre konsentrasjonar av gassen, kan gå ut over nervesystemet og gje hukommelsestap.

Ferdig rydda

Laboratoriet i Danmark har på det sterkaste sagt seg leie for tabben. Selskapet Rådgivende Agronomar i Fjaler, som tek prøver for Vest Tank i området, meiner det var uheldig at prøvene blei øydelagde, men vil ikkje overdramatisere arbeidsuhellet.

Sjølv om det var eksakte målingar for ein periode på nær ei veke som blei øydelagde, finst det andre prøver som indikerer at nivået av den illeluktande gassen ikkje har vore urovekkjande høgt.

Selskapet Vest Tank avslutta i går ryddinga av området etter den veldige eksplosjonen og brannen 24. mai. Omtrent samstundes kunngjorde kommunen at resultata frå prøver av luft og vatn så langt ikkje syner grunn til uro. Rådmann Harald Haugejorden seier konklusjonen så langt er at verdiane av skadelege stoff i luft og vatn er små.

Gift i drikkevatn

Det er teke prøver av tre private drikkevasskjelder. Fenol, eit giftig stoff som mellom anna blir brukt i framstilling av målingsprodukt, er påvist i alle prøvane, men berre i små mengder.

Som meldt i gårsdagens utgåve av Bergens Tidende, er det påvist to typar dioksinar i brønnen til næraste naboen til tankanlegget. Men desse dioksinane er ikkje typiske dioksinprofilar som oppstår ved forbrenning. Dermed stammar dei neppe frå eksplosjonen.

Over helga kjem svara på nye prøver, mellom anna om det har vore svovelsambindingar eller løysemiddel i lufta.