Lett snø i lufta, kuldegrader og nokre parkerte bilar. Livet på den gamle ferjekaien i Knarvik er ikkje like travelt som det ein gong var. Nokre hutrande personar skundar seg mot dieselduren og det varmgule lyset frå snøggbåten «Hardangerprins».

Mannskapet med BNRdirektør Trygve Tønnesen i spissen er spent på frammøtet, og ønskjer personleg dei reisande velkomne om bord. Ikkje nett at det er så mange. For ingen vert trøytt etter elleve handhelsingar. Men smilet og humøret er på topp.

— Det tar tid å innarbeida nye reisevanar, er omkvedet.

Mimring

På ein nyoppussa Frekhaugkai ventar ordførar Nils Marton Odland med blomar og varmande velkomstord til Tønnesen.

Med felles håp om at det vil nok gå seg til. Dei seks reisande klatrar opp den bratte landgangen, via billettskranken før dei har fritt val blant båtens 97 sete. Marie Morken og Johan Myking frå Nordhordland Pendlarlag er sjølvsagt på plass.

Dei har tatt på seg «Eg var ein båtpendlar»-T-skjorter frå siste turen i september 1994. Mimrefaktoren er høg, om bridgeklubben på gamlebåten, samhaldet og avskjedsturen då sjølvaste Kleppeviken var med og song.

Køfritt

— Eg brukar båten av prinsipp, seier Kenneth Ø. Monsen, som dagleg pendlar frå Matre. For å unngå køkaos i Åsane, kjører han heimafrå klokka 5 om morgonen. I dag har han parkert gratis på ferjekaien, 100 meter frå båten. Han viser stolt fram klippekort nummer ein på den nye båtruta.

Monsen nyttar reisetida til PC-arbeid og avislesing. Stemninga om bord er litt oppspilt. Kommentarane går på «håpar dei får det til». Trass i at manglande godvilje frå fylket gjer billetten 24 kroner dyrare enn bussturen, og at månadskortet kostar 1000 kroner meir. Men då er du til gjengjeld garantert ei køfri reise!

Rutetidene finn du her. Turen frå Knarvik til Bergen sentrum tar 25 minutt.

Trur du pendlarbåten er liv laga? Sei di meining.

GOD PLASS: Det var plass til fleire første dagen med ny pendlarrute.
ERLEND SPURKELAND