— Folk står ikkje akkurat i kø. Dei sit heller godt på gjerdet, seier oversjukepleiar Inger-Johanne Haaland Wang ved Lungeavdelingen til BT. Så langt har ti personar meldt seg på kurset neste veke. Dét er knapt mange nok til eitt kurs.

— Men dei fleste som vil slutte å røyke og ønskjer å forbli røykfri treng hjelp.

- Undrande

Den lunkne interessa for å få hjelp til å stumpe røyken i det nye året, står i sterk kontrast til januar 2003. Då var pågangen så stor at sjukehuset arrangerte fire røykestoppkurs samtidig.

Korleis forklare den dalande interessa frå januar 2003 til januar 2004?

— Vi stiller oss litt undrande. Det kan vere at folk er flinke til å slutte å røyke sjølve, seier Haaland Wang - men er ikkje overbevist.

— Forsking viser nemleg at berre cirka fem prosent klarar å slutte på eiga hand.

Stigande interesse - til no

Andre forklaringar kan vere at folk ikkje kjenner til kurset på Haukeland, eller veljer andre opplegg.

I tillegg kjem helseminister Dagfinn Høybråthens kontroversielle og mykje omtalte kampanje mot tobakk i januar i fjor, som også kan ha motivert fleire til å prøve å slutte.

Haukeland, som har tilbudt røykesluttkurs sidan september 2000, har kvart år registrert stigande interesse.

Heilt fram til i år, altså.

— I 2001 arrangerte vi ni kurs i løpet av året. Året etter var interessa dobla, fortel Haaland Wang

Halvparten røyfrie

Alt i alt har Haukeland har arrangert førti røykeavvenningskurs sidan 2000.

— Resultata er gode. Nær femti prosent av dei som slutta å røyke i 2002 er fram-leis røykfrie, seier Haaland Wang.

Interessert? Ta kontakt på telefon 55 97 35 46/55 97 35 55 eller denne e-postadressa: roykeavvenningskurs@helse-bergen.no

Tips BT! Skal du slutte å røyke i 2004? BT vil gjerne kome i kontakt med deg.

TEST DEG SELV: Ta testen vår og sjekk hvor stort nikotinsuget ditt er!