Forloveden stod to timar i kø førre veke for å få nytt pass. No er det hans tur. Han har ikkje noko val, dersom han vil vere med på bryllaupsreisa til Praha i juli.

— Eg trudde likevel ikkje det var lang ventetid, seier Trond Samdal frustret til BT.

Han er likevel heldig, som har fått ein av dei få sitjeplassane i lokalet. Like før sommarferien er det alltid høgsesong og kø her inne, men så ille som i år har det aldri vore før.

Bergensarane må vente i både to og tre timar frå kølappen er trekt, til passøknaden er sendt. BT er dessutan blitt kontakta av folk som har venta endå lenger.

— Kan vi ikkje gå heim snart, seier Christoffer (4) med bedande stemme.

Men nei. Ikkje dersom han vil vere med til Kanariøyane. Christoffer treng nytt pass, og har venta i snart to timar saman med mamma Anne Mari Veiseth.

— Heilt pyton. Vi ante ikkje at det er så lang kø, seier ho til BT.

Køen har vore så lang sidan 7. april - den dagen eit nytt datasystem vart innført ved Passkontoret i Bergen.

— Å leggje inn opplysningar om ein familie på fem tar fort førti minutt med det nye systemet, forklarar seksjonsleiar ved Passkontrollen, Vigdis Hundven - tydeleg stressa.

— Folk må rekne med 2-3 timars ventetid heilt fram til slutten av juli.

Alle som trekkjer kølapp før stengjetid, blir ekspedert same dag. Det inneber at dei tilsette jobbar fleire timar overtid kvar dag, til den siste kunden forsvinn ut døra.

— Når er sjansen størst for å unngå kø?

— Det er like ille heile tida! Vi som jobbar her spring fram og tilbake, og står på frå vi kjem til vi går. Det er ikkje fem minutt ro i løpet av dagen, sjølv om vi har sett inn alle ressursar vi har, seier Hundven til BT.

— Det er typisk at alle kjem no. Derfor ber vi om at folk som kan vente, heller kjem tilbake til hausten.

Med andre ord: Dersom du eigentleg ikkje treng nytt pass på ei stund, så gjer deg sjølv og damene på passkontoret ei teneste: Vent!

POPULÆR PLASS: På Passkontoret i Bergen er det no timelange køar frå morgon til kveld. Treng du nytt pass før ferien, må du rekne med å vente både to og tre timar før det er din tur.<br/>Foto: KNUT STRAND