— NHO sitt angrep på allmenngjeringa er slått tilbake. Dette er eit stort skritt framover i kampen mot sosial dumping, seier LO-leiar Roar Flåthen.

Bakgrunnen er at Høgsterett i dag kom med dom i den såkalla verftssaka, ein samrøystes dom som gjekk i LOs favør.

Tredje tap

Ni norske verft, inkludert Bergen Group, gjekk til sak mot staten, etter at Tariffnemnda vedtok at tariffavtalane til norske verftsarbeidarar òg skulle gjelde for innleigd, utanlandsk arbeidskraft.

Saman med NHO kravde verfta at arbeidsgjevarane skulle sleppe å betale reise, kost, losji og eit utanbystillegg på 20 prosent for dei innleigde arbeidstakarane.

Etter dei først fekk støtte i Efta-domstolen, tapte arbeidsgjevarane i tingretten og lagmannsretten. Dei anka saka til Høgsterett, som no altså har avvist anken.

Viktig prinsippdom

LO frykta at ein siger i Høgsterett ville undergrave heile ordninga med allmenngjering av tariffavtalalar. Ein siger til verftsindustrien meinte dei ville føre til liknande tilhøve i andre bransjar. Ifølgje LO ville i så fall den rellle timeløna til dei utanlanske arbeidarane ville ligge langt under 100 kroner timen, viss dei måtte betale reise, kost og losji sjølve.

Avgjerdsla i Høgsterett betyr at verfta må halde fram med å betale innleigd arbeidskraft norsk minsteløn og dei nemnde tillegga.

Verftsindustrien meiner allmenngjeringa svekkjer dei i den stadig hardare konkurransen med utanlandske verft.

"Til etteretning"

— For arbeidsgjevarsida har det vore svært viktig å få domstolen si vurdering av den reelle usemja som eksisterar om desse spørsmåla. No foreligg dommen frå Høgsterett og vi tek den til etteretning, seier adm. direktør i Norsk Industri, Stein Lier-Hansen i ei pressemelding.

Saman med NHO vil dei no studere dommen grundig, for å sjå kva føringar den gjev for tariffnemnda i framtida.