Inntekter på fleire hundre tusen kroner renn ut av fiskekassa med nokre tastetrykk i departementet.

Kystfiskar Roy Martin Ellingsen (35) er på jobb fire sjømil utanfor Bømlo. Det er for mange av slike som han i Kyst-Noreg, seier departementet.

Januarstormane har stilna. Men havet vrenger seg og vil ikkje gløyme. Ellingsen drikk kaffi. Eg tykkjer frukosten snart skal ut. Ellingsen smører matpakke trass i kulingvarsel frå Meteorologisk institutt. Men han vil ikkje lenger sitje på rekkja og tigge om godt ver frå norske fiskeristyresmakter.

— Desse vedtaka har jo knapt vore tekne opp i Stortinget. Vi har fiskeriminister Svein Ludvigsen imot oss. Men Høgre har jo alltid støtta dei store. Peter Angelsen snakka i same ordelag. Men han gjorde ikkje noko meir.

Ellingsen har meldt seg ut av Norges Fiskarlag. Ei gruppe fiskarar på Bømlo gjekk saman og skipa eit lokallag av Norges Kystfiskarlag. Eigarane av dei minste kystfiskebåtane føler seg svikta.

Av ministrar. Departement. Storsamfunnet.

Og av sine eigne.

Fiskarar i Nord-Noreg varslar rettssak mot statsråden.

Kvifor?

Sidan 1990 har tusenvis av norske fiskarar mista levebrødet. Årsak: Stenging av fiske. Nye kvotesystem. Nye tider.

— Eg kan i alle fall ikkje vere med i eit fiskarlag som jobbar mot oss. Norges Fiskarlag er blitt våre fiendar. Vi har ingen allierte lenger, seier Ellingsen.

Klokka er åtte om morgonen. I vintermørket er det framleis uråd å skilje svart hav frå grå himmel. I lyskastaren frå «Havørn» dukkar første garnsettet opp.

— No får vi sjå kva det vert til, seier sjarkfiskaren.

Han har ikkje sett garn på vekevis. Står fisken der han stod sist gang? Ellingsen kler på seg. På buksestrikken står det «Aalesund Oljekledefabrikk Norway». Ute piskar regnet på sjøen.

HOTEL BRISTOL, OSLO: Det surrar dempa under prismekronene i store festsal.

Det er dress og drakt, og bugnande lunsjbord under årsmøtet i Fiskebåtredernes Forbund. Dette er god stemning hos storfiskarane.

Statssekretær Thorhild Widvey i Fiskeridepartementet har nettopp gitt sitt bidrag til det gode humøret.

Det handlar om kven som skal få fange fisk for ti milliardar kroner i året.

Widvey seier det som medlemmene i Fiskebåtredernes Forbund likar å høyre. Det er ikkje havfiskeflåten og medlemmene i Fiskebåtredernes Forbund som skal svi for å løyse problema i kystfiskeflåten.

Det er uaktuelt å rokke ved fordelinga av fiskekvotane.

Pressa kystfiskarar kan gløyme alle krav om å få kvotar frå havfiskeflåten.

Her er det på sin plass å minne om at ressursfordelinga mellom gruppene no står fast, seier Widvey frå talarstolen.

No er tida inne for å reinske opp i kystflåten - som er alle farty kortare enn 28 meter - på same vis som i havfiskeflåten.

Det betyr å stimulere til at det blir færre og meir lønsame farty. Nokon må ut.

— Det er for mange båtar og for lite fisk, seier Widvey.

Styreformann Sigurd Teige er så fornøgd med den nye politikken at han gjer noko uvanleg. Han går på talarstolen og rosar Widvey sin sjef, fiskeriminister Svein Ludvigsen:

— Ludvigsen gjennomfører det naudsynte. Forgjengarar har lagt grunnlaget, men ikkje tort å gjennomføre det. Etter mi meining burde det gi terningkast seks.

Takk for at du tok belastninga, seier Teige.

SÆVERUDSEID, BØMLO: Roy Martin Ellingsen finn vegen til brygga ned gjennom hagen. Ellingsen si dokumentmappe er ein diger pose brødskiver. Han klatrar om bord i «Havørn». 135 villige John-Deere-turbodiesel-hestekrefter sparkar dagen i gang klokka 06.58. Vintermørket raknar i lanterner og grøne og raude instrumentpanel. VHF-radio. Ekkolodd. Autopilot. Snart held vi sju knops fart, tett mellom steile holmar. Ferda går utan omsyn til stakane i sjøen. Ellingsen kjenner botnen. Han svingar berre når han må.

— Viss dei vil fjerne kystfiskarane for å berge fiskebestandane, ja, så byrjar dei i feil ende, seier han.

Om nokon skal ut, tykkjer han styresmaktene til dømes kunne ta frå dei som allereie har fast jobb på land. Dei som har fiske som biinntekt.

— Men eg tykkjer det skulle vere fritt fiske for småbåtar. Så vil naturen ordne resten. Det har han alltid gjort. Det er ikkje vi som tar fiskeyngelen. Det er trålarane i Nordsjøen.

Han seier at kystfiskarane har vore her i tusen år. Dei tar berre fisken som sym forbi. Dessutan leverer dei fisk med den beste kvaliteten.

— Det må finnast andre måtar å gjere dette på. Dei kan ikkje ta frå oss som lever berre av fisket. Eg har levd av fiske i 20 år. Men det var ikkje nok til at eg fekk makrellkvote.

PÅ HOTEL BRISTOL, OSLO, sit Marit Arnstad, stortingsrepresentant frå Senterpartiet og medlem i næringskomiteen.

Ho har allereie ein gong stukke kjeppar i hjula for Svein Ludvigsen sine planar om å strukturere kystflåten. Ho kan gjere det igjen.

Ludvigsen er for kjapp, synest Arnstad. Den komande Stortingsmeldinga om strukturordningar i kystflåten er delvis Arnstad sitt verk. Strukturordningar er byråkratane sitt ord for det Ellingsen og norske kystfiskarar er redde for:

Ei avgift for å skaffe pengar til å betale folk for å slutte å fiske. Reglar som opnar for å samle fleire kvotar på færre båtar. Kjøp og sal av kvotar.

Ludvigsen ville ikkje innom Stortinget i det heile. Han ville innføre nye tider med eit par nye forskrifter frå departementet.

— Altfor store spørsmål for departementet aleine, meinte Arnstad, og pressa gjennom at framtida for kystflåten blir ei sak for Stortinget.

Arnstad er mot kvotar som kan omsetjast, slik havfiskeflåten langt på veg har fått. Men ho er rask med å helle kaldt vatn i blodet på hissige kystfiskarar. Tida for den frie mann på eit fritt hav er over.

— Det er lenge sidan vi kom bort frå prinsippet om at almenningen er open for alle, seier ho.

Å tvinge gjennom overføring av kvotar frå hav- til kystflåten er heller ikkje vegen å gå. Det er eit feilspor for kystfiskarane å satse på den strategien, meiner Arnstad.

ROY MARTIN ELLINGSEN fekk i fjor haust tilbod om å kjøpe ein makrellkvote for 250.000 kroner. Det tykkjer han er for dyrt.

Han har fire gutar mellom tre og ti år. Kona arbeider heime. Slik ønskjer dei å ha det.

— Innstillinga mi er at eg skal klare meg, seier han.

Medisinen er beisk nok. Lengre dagar. Mindre ferie. Meir fiske i dårleg ver.

I 2001 fiska han makrell utafor stovedøra til ein verdi av 202.000 kroner. Det vart 50 tonn stimfisk og kjærkomne inntekter for firebarnsfamilien. Men no er det stopp.

I åra 1998, 1999 og 2000 fiska han ikkje makrell. Styresmaktene bestemte at dei som ikkje tok minst fem tonn makrell i eit av dei åra, var ute for godt.

— Eg vart straffa fordi eg ikkje fiska etter makrellen. Dei åra var det meir å hente på krabbe. Eg spurde ein kar i Fiskeridirektoratet om ikkje han óg ville søke ein annan arbeidsgjevar om han mista jobben. «Jo, kanskje det», sa han. Slik er det for meg óg. Eg fiskar det som betalar seg. Og etter årstida, seier Ellingsen.

Frå denne helga er det óg innført freding av breiflabb, eit historisk vedtak i eit lukrativt fiske for mange småfiskarar i Sør-Noreg. Potensielle inntekter på ytterlegare 50.000-100.000 kroner forsvinn for Bømlo-fiskaren.

Nærmare 300.000 kroner mindre i året er mykje for ein kystfiskar med omsetning på ein halv million i året. Det skal halde til lån på farty, avgifter, nye reiskap, vedlikehald, hus, heim, familie.

— Eg klaga makrellsaka til direktoratet. Eg la fram heile situasjonen min. Dei kunne ikkje hjelpe. Til slutt fekk eg eit brev frå departementet. Det kunne ikkje ankast, sa dei.

- HER ER IKKJE NOK FISK til at alle kan fiske, seier Fiskeridirektør Peter Gullestad, mannen som har ansvaret for å gjennomføre den politikken Ellingsen fortvilar over.

Han skuldar på teknologien.

Moderne teknologi har gjort ein ti meter lang fiskebåt om til ein formidabel fiskemaskin.

— Ta ein ting som makrelldorging, seier Gullestad.

Fram til midten av 90-talet foregikk dette ved at fiskarane på små kystfiskebåtar sveiva inn fangsten for hand. Så kom automatdorgen, med ei line som går rundt i ein oval sirkel bak båten, ut med tomme krokar og inn med fisk som maskinen kuttar laus og sender rett i lasterommet.

Rundt og rundt.

Før var nokre hundre kilo om dagen ein god fangst. No kan ein skipper og ein mann dra inn ti tonn om dagen. Dorgefangsten for den minste flåten er dobla på ti år. Og kvoten er fiska opp på to-tre veker.

— Dette er den underliggjande kraft og dynamikk i dette her. Dette er ikkje noko forbigåande fenomen, seier Gullestad.

Den tekniske utviklinga har gått så langt at sjølv båtar ned til seks-sju meter ville gjere eit merkbart innhogg i fiskebestandane om det var fri etableringsrett og fritt fiske, meiner Gullestad.

I 1900 fiska fiskarane sju tonn pr. fiskar i året. I 1950 var fangsten dobla, til 14 tonn pr. mann.

Så tok det av. I dag er fangsten 140 tonn pr. fiskar i året.

— Denne prosessen har ikkje berre skjedd i havfiskeflåten, men også i kystfiskeflåten, seier Gullestad.

Etter 1950 har fiskarane fiskeslag for fiskeslag nærma seg grensa for kor mykje som kan fiskast.

— Midt på 80-talet hadde vi feia over det som var, meiner Gullestad.

Politikarane sitt svar var å stenge fisket for nykomarar, fastsette kvotar og fordele kvoten mellom dei fartya som var innanfor. Fiske etter fiske er blitt regulert på denne måten, først dei store båtane, så dei små.

Reguleringane nådde kystfiskeflåten i 1990, først som eit svar på torskekrisa, deretter som ei permanent regulering. Strukturmeldinga Ludvigsen jobbar med er eit nytt steg i same retning.

FIRE SJØMIL VEST AV BØMLO sveivar einmannssjark-fabrikken lange, sei og torsk frå 100 meters djup med elektrisk garnhalar. Fisken er innkapsla i grøn nylon. Beista klaskar i dekk. Så glir garnet over Ellingsen si heimelagde slaktebenk. Fisken vert pirka ut av maskene, og slengde i bingen. Når garnet er om bord, vert fisken bløgga med kaldt stål.

Plutseleg står ei stråle med kaldt fiskeblod rett i andletet på mannen med kniven.

— Uææææææææh. Pføy. Når ein treff på gale plassen, .... i hjartet. Huhuhuh.

Det smakar ikkje bra. Han spyttar og tørkar av seg. Snart er den raudspetta jakka berre oransje att. Det lukter fiskeslo. Havdønningar lagar karusell. Eg har nett spydd. Snart må eg gjere det att. Havet gir. Havet tar.

— Det er fælt å seie det. Men det er betre å spy enn å la vere, seier Ellingsen.

Han smiler. Han ber om orsak. Han fortel om Barensthavet da ein kollega var sjuk heile tida. I tre veker. Eg seier det må ha vore ille. Eg spør om kvifor han liker dette livet.

— Fridommen. Havet. Dette er livet for meg. Eg har aldri drøymt om noko anna, seier han.

Faren var fiskar. Sjølv kjøpte han sin fyrste båt 16 år gamal. Ellingsen har dysleksi. Han les havbotnen betre enn avisa. Han likte seg ikkje på skulen.

— Eg vart stempla som ein tosk i ni år. Det var lange år. Når sonen min på ti år ber meg lese for han, seier eg at «du les det mykje betre sjølv». Nei, meg får du aldri tilbake på skulebenken. Men om eg hadde vore 20 år no, så hadde eg nok ikkje satse på fiske.

Ellingsen seier han kanskje ville blitt maskinmekanikar.

ALASKA, 1993. Det har tatt knappe 15 år frå starten på det siste store kommersielle fisket i verda - pollockfisket utanfor Alaska - til fangstkapasiteten er for stor. Fisket etter den vesle torskefisken løner seg ikkje lenger. Tidleg på 90-talet ser verda på ny resultatet av ei klassisk fiskerikrise.

I Noreg sit Kjell Inge Røkke barbeint i skoa, i utvaska dongeri og pen skjorte. Det er våren 1994 på Hotel Continental i hovudstaden, Røkke sin norske heim på den tida. Med base i Seattle har han bygd opp ein formue på fiske utanfor Alaska.

No skal han etablere seg som forretningsmann i Noreg. Men Dagens Næringsliv skriv om svikt i inntektene i Alaska.

Til og med tap.

Røkke er irritert og vil gi sin versjon. Satsar han på å halde ut i fisket til amerikanarane går med på å innføre omsetlege fiskekvotar, fordelt på kvart enkelt farty? Røkke nektar å tru at det kan gå slik.

— Korleis kan ein tenke seg at ein ressurs som kan vare evig kan delast ut? Spør Røkke, før han sjølv svarer:

— Det er ulogisk, urasjonelt og ikkje tenkjeleg.

Fem år seinare løyser amerikanarane problemet. Dei lukkar fisket for nykomarar og fordeler kvotane på dei som allereie er innanfor. Røkke bomma i sin spådom.

Amerikanarane gjer retten til å fiske om til privat eigedom og kvotane omsetlege. Røkke taper ingenting på sin bommert. Tvert i mot. Ingen profitterte så mykje på den nye amerikanske politikken som Kjell Inge Røkke.

Båtar vart tatt ut av fisket. Kvoten vart samla på færre båtar og fisket kunne på ny foregå i ro og mak over heile året.

Fisket vart lønsamt igjen og retten til å drive fiske vart ei handelsvare.

I 1999 selde Røkke American Seafoods Company med 800 millionar kroner i gevinst.

KLOKKA HALV TRE er over 2,5 kilometer garn trekte opp frå havbotnen utanfor Bømlo. I overkant av 100 kilo fisk er i minste laget. Rekorden er 1,8 tonn.

— Skuffande. Eg håpte i alle fall på eit par hundre kilo, seier Ellingsen.

Garna står over ryggar på havbotnen. Ellingsen kjenner koordinatane. Dei sit som gamle barneregler. Han meiner eit av garnsetta, som er 25 garn i ei rekkje, kan ha bomma med 20-30 meter.

No må han bruke nokre dagar på finne kvar fisken står. Han seier fisket utanfor Bømlo ikkje er særskilt godt. Men det går, så lenge berre eit par båtar held seg i nærområdet. Ellingsen vurderer å dra på Nord-Noreg.

— Men eg kvir meg óg. Det er her nede eg kjenner fiskeplassane, seier han.

Vi kjem inn i roleg vatn. «Havørn» på veg heim samlar ei flokk måsar. Mellom holmane kikar Roy Martin Ellingsen opp i lufta.

Han forklarer kvifor båten har fått sitt namn.

— Der ser du kvifor. Det er to stykker som alltid kjem, seier han.

Bak oss flyktar måsane. Ei diger havørn stuper i havet.

I ÅLESUND SIT EIN AV dei fiskeripolitiske tungvektarane i Noreg, sjefen for Vartdal Fiskeriselskap, Knut Vartdal.

Fabrikktrålreiaren har vore fiskeridirektør og statssekretær i fiskeridepartementet. Han har hatt fleire verv i fiskeriorganisasjonane. Vartdal har gjennomslag.

No gremmest han over debatten om kystfiskarane. Det er heilt urealistisk å tru at det er mogeleg å unngå å lukke og strukturere kystfiskeflåten.

— All økonomisk teori og erfaring viser at viss du ikkje har ei avgrensing på tilgangen så blir tilgangen så stor at det blir ulønnsamt for alle, seier Vartdal.

Norsk fiskeri treng meir av medisinen Ludvigsen vil skrive ut, også havfiskeflåten. Fisket må bli meir lønsamt.

— Med brei penn kan du - for havfiskeflåten - seie at det berre er for ringnot det er tilfredsstillande lønsemd, seier Vartdal.

Han er også klar på kva som vil vere neste steg i utviklinga. Når fiskeflåten blir liten og lønsam nok, må fiskarane finne seg i å betale for retten til å drive fiske - ei ressursavgift.

Vartdal vil ha omsetlege fiskekvotar, men ikkje fritt omsetlege. Vi må ha reglar som sikrar at eigarskap til fiskeflåten blir verande spreidd langs kysten, og som hindrar omfattande eigarkonsentrasjon. Vartdal meiner dei største fiskeriselskapa i Noreg er store nok.

Men noko vil gå tapt på vegen Politikken har ei minusside, erkjenner Vartdal:

— Det er den unge fiskaren sin sjanse til å få seg ein eigen båt.

PRESSA UT: - Vi tek ikkje fiskeyngel, det gjer trålarane i Nordsjøen. Viss dei vil fjerne kystfiskarane for å berge fiskebestandane, så byrjer dei i feil ende, seier Roy Martin Ellingsen frå Bømlo. I fjor mista han sjansen til å fiske makrell utanfor stovedøra fordi styresmaktene stengde fisket. Han taper inntekter på fleire hundre tusen kroner.<p/>FOTO: HÅVARD BJELLAND