Det er ikkje all verda. På sørsida er det slutt på Vertpelstad, ikkje så mykje meir enn 3-4 kilometer frå elveosen, og då er du alt nokre meter inn i Vaksdal. På nordsida ligg utlitt utlandet utanfor augnesyn, du ser Tysseneset, men ikkje laksegarden Furnes som høyrer Vaksdal til.

Med moms kan du kanskje få heile kystlina opp i bortimot ei mil. Og eit par hundre meter av denne kysten eig eg sjølv!

Det er ikkje stort likare i andre himmelretningar. Tek du E 16 innover mot Sognefjorden, har du vore mange kilometer i Aurland før du stoppar i Gudvangen. Tek du Riksveg 13, møter du Granvinskiltet heilt ovanfor Skjervet.

Men så les eg at Voss kommune er best i klassen når det gjeld å hindra bygging og annan styggedom innanfor 100 meter frå sjøen – berre 12.3 prosent av strandsona i Voss har hus nærare enn 100 meter.

Ikkje så rart, når du ser vossakysten frå stoveglaset mitt. På begge sider stuper fjella rett ned i fjorden, og vil du byggja hus eller hytte nærare enn 100 meter frå det halvsalte vatnet, måtte du tjora dei fast til slette fjellveggen! Ei og anna vik kan du finna, om du ikkje er redd for å få ein halv Loen-skreda i hovudet før eller seinare. Men i Geitateiga finn du ikkje ein gong ei geit lenger, det er mange år sidan geiter og sauedyr gjekk seg skôrfaste oppe i fjellsida og måtte skytast ned med Krag Jørgensen.

Likevel: Etter statistikken er 12.2 prosent av kystlina i bruk til hus som ligg innanfor den ”fygrensa” som departementet og fylkesmannen er så opptekne av. Kvar er dei å finna?

Vi har ein sandrygg som heiter Bolstadøyri (stasjonen ligg ikkje på øyra, han ligg på Bolstadsida av elva!) og der er synda å finna. I ei ”gate” ligg hus på rad og rekkje – kyrkjegarden og bedehuskapellet ytst mot elva, eg inst mot Øyraberget. Og her syndar vi! Husa ligg 8 meter over havet, og her er det ikkje snakk om så mykje som 100 meter til sjøs eller for den del til elva. Dette er gamal allmenning, og for meir enn 100 år sidan selde kommunen seg ut til vanlege husbyggjarar utan eigen gard, om ein ser bort frå eit 4-5 meter breitt belte i strandsona.

Tenk på det : Tre generasjonar før politikarane kom med strandlov og strandplanlov praktiserte dei henne her, og det er fri ferdsle i sjøkanten, om stranda ikkje er full av rekved som ingen plukkar lenger, eller elva går så stor at heile allemannsretten ligg under vatn!

Men statistikken lyg ikkje, og det er berre å godta at synda kom inn i Voss ved kommunereguleringa i 1964!

Men statistikksynd og vanleg folkesynd er ikkje det same. For kva er synda? Det er den vestlandske måten å busetja seg på. Kort veg til båten, det var viktigaste. Så der nede i fybeltet kom dampskipsbryggja, meieriet, posthuset, handelsmannen, telefonsentralen, den vesle fabrikken, og der kom husa for folk som ikkje var bundne til jord og kyr og fjøs.

Like ute i fjorden her, ligg ein av dei mellomstore syndarane. I Osterøy ligg det hus nærmare enn 100 meter langs 52.9 prosent av strandlinja! Dei skulle skamma seg, ostringane – dei som slo seg til i Lonevåg, Fotlandsvågen, Hosanger, Hausvika eller på Bruvik! Hadde vi hatt godt løna ekspertbyråkratar den gongen dei bygde, hadde dei sikkert jaga folket til skogs, slik at vi fekk desse ”trysilbyggefelta” som det kryr av i dei regulerte kommunane i dag – eigarane av millionhyttene i Myrkdalen kan i alle fall ikkje lastast for at dei brukar opp kystlinene!

Men når eg tenkjer meg om, kanskje dei er like ille, dei som bur ved elv eller vatn godt inne i landet? Husklynga på Evanger ligg like tett til ferskvatn, som dei på Radøy ligg til sjøen, og det er ikkje stort betre med dei som bygde Vossevangen vest for Vangskyrkja heller.

Og husklynga i Granvin (30.8 prosent) er i kulturminneåret 2009 på veg opp mot det mest verneverdige!

Kva synest du om utbygginga ved strandlinja? Skriv i kommentarfeltet.

Sognefjorden kan skimtes langt der fremme.
Bergens Tidende
Vikingleir på Gudvangen.
Bergens Tidende
Skjervet.
Arne Hofseth
Bolstadøyri.
Helge Sunde
Postvegen mellom Dale og Bolstadøyri.
Rune Sævig
Myrkdalen.
Bergens Tidende
Vossevangen.
Helge Sunde
Øvre Granvin.
Arne Hofseth