Diktaren av den nye jolesongen var Gustav Oldreid. Han var lærar, klokkar og kyrkjesongar i Hålandsdalen.

Kyrkjesongaren si oppgåve var å leia salmesongen under gudstenesta. Det var ikkje orgel i kyrkjene og ikkje noko form for musikalsk tonefølgje til songen.

Kyrkjeskrålar

Den gamle folkelege syngjemåten hadde eit seinare tempo enn orgeltonane. Rytmen var variert og komplisert, og tonehøgdene skilde seg ut frå den kunstmusikalske skalaen.

Ikkje alle likte innsatsen til kyrkjesongaren. Somme stader vart han rett og slett kalla kyrkjeskrålaren!

Kulturkollisjon

Det rettaste er vel at ein her opplevde ein aldri så liten kulturkollisjon. Mange av sokneprestane tidleg på 1900-talet ivra for å få orgel i kyrkjene. Så også sokneprest Johann Henrik Rathmann Marstrander i Fusa.

Orgelet hadde den funksjonen at det skulle halda tonen og standardisera kyrkjesongen. No skulle alle læra seg å syngja rett og likt!

Orgel trass motstand

I Hålandsdalen var det motstand mot orgelplanane i 1914. Mange var redde for at musikken skulle øydeleggja kyrkjesongen. Det vart halda avstemming, og ein av orgelmotstandarane forlet kyrkja i protest!

Orgelet var på plass i kyrkja på Eide i Hålandsdalen i 1919, og året etter vart Hans Henanger tilsett som organist med 100 kroner i årsløn.

Kyrkjesongartida forbi

I 1930 kom det framlegg frå sentralt hald om å inndra klokkar— og kyrkjesongarstillingane. Kommunestyret i Hålandsdalen vedtok med knapt fleirtal å avskaffa den kombinerte stillinga. Gustav Oldreid var den siste kyrkjesongaren i dalen.

Då han skreiv «Jolesong» til kyrkjelydsbladet, nytta han ein kjend tone: «Seg Jerusalem».

Jolesong

Engleflokken glad

Syng sitt fagre kvad,

Syng um fred frå Gud vår fader,

_Um hans nåde alle stader,

Som me sant og visst_

Fær i Jesus Krist.

Fred på jordi no!

Er det glade bod,

Som i song frå høge himlen

Tonar reint frå englevrimlen

Til vår ringe jord,

Um Guds kjærleik stor

_”Gud, deg æra ver!”

Syng Guds engleher,

Syng um frelsa som var lova,

Syng um Herrens fred i stova,

Syng um Kristus som

Ned frå himlen kom._

_Songens toneveld,

I den stille kveld,

Sylverreint frå himlen tonar

Um vår frelsar og forsonar,

Som til jordi kom,

Født i armodsdom._

_Englesongens brus

Fyller slott og hus.

Og den mjuke tonebåra

Trøysta vil den arme, såra,

Der han ligg og bed

Um Guds sæle fred._

_Kom vår frelsar kjær

Og ver hjå oss her!

Hjelp oss heilt deg å mottaka,

So me nåden din kan smaka!

Senk din jolefred

I vårt hjarta ned!_

Jolesongen tonar i Hålandsdal kyrkje.Bileta er utlånte av Lokalhistorisk Arkiv i Fusa.
Gustav Oldreid var lærar, klokkar og kyrkjesongar i Hålandsdalen. Biletet frå Holdhus skule er frå 1925.
Fru sokneprest, Elisabeth Marstrander, lærde seg å spela orgel og var den første organisten i fusakyrkja.