Tre store kyrkjejubileum på nokre månader er vel ikkje kvardagskost, aller minst når dei tre kyrkjene ligg slik til at ein kan rekkja alle tre på ein biltur på ikkje mykje over ein times tid. Men slik vart det, kyrkja på Flatekval i Eksingedalen rundar 125 år no, det same gjer Mo kyrkje i Modalen, og no i september var det 100 års jubileum for den vesle og vakre kyrkja på Nesheim øvst i Eksingedalen.

Kvifor?

Kva var det som førde til denne store kyrkjebygginga på nokre få år i det som var levetida til våre besteforeldre og oldeforeldre?

Forklaringa er enkel. Det var folket som ville ha eigne kyrkjer, og det var folket som trong sine eigne kyrkjer. For det var bygda, grendene og folket som bokstaveleg tala bygde seg kyrkjer, mesteparten for eigne pengar og framfor alt med eige arbeid.

Modalen stod vel i ei stode for seg. Den nye kyrkja var den tredje i rekkja, den eldste stod der i mellomalderen, og vart avløyst av ny då folket vende tilbake etter dei folketomme tidene som kom med Svartedauen.

For nokre mannsaldrar sidan kom det store skiftet, då dampbåtrutene tok til, og rutene gjekk direkte frå Bergen inn Osterfjorden, helst med båtar som kunne bryta is om vinteren, som gamle ”Johan Jebsen” og den nye ”Oster” – sjølv om også dei måtte leggja til ved iskanten i den kaldaste tida av året.

Tre kommunar i dalen

Eksingedalen var noko heilt anna. Dalen var delt mellom tre kommunar, Eidslandet høyrde til Bruvik, midtre delen av dalen til Modalen, øvre delen til Evanger. Det var fjella som batt bygdene saman.

Dei frå Modalssokna midt i dalen hadde to vegar dei kunne bruka over fjellet til Modalen, der kyrkja låg og der dei hadde nausta sine. Det var uråd å koma nedover dalen til Eidslandet, for det var først då Eksingedalsvegen vart bygd at dei kunne koma seg ned den ulendte breidda av Ekso ned til fjorden.

Øvste delen av Eksingedalen, frå Lavik og Bergo til Ekse og Gullbrå, hadde eit anna fjell å fara over, til Teidalen når dei skulle til kyrkje på Evanger, over fjellet til Vossestrand for dei aller øvste gardane.

Først då dei fekk eigne kyrkjer på Flatekval og Nesheim kunne dei sleppa dei tunge og farefulle vegane over fjell som nådde nesten 1000 meter over havet.

Dåp og vigsle samme dag

No var det prestane som kom til dei og ikkje dei som måtte fara til presten om det var dåp, konfirmasjon, vigsle eller gravferd det galdt.

Det praktiske var noko alle kunne forstå. Men kyrkjebygging hadde like mykje med kjensler å gjera, heimekjensler. Det var godt å vita at deira gamle kvilte i bygdejord, det var eit minne for livet når dei unge gav sitt ja i heimekyrkja før dei reid eller køyrde heimover med brunebrur og spelemann.

Det hende meir enn ein gong at det var både dåp og vigsle på same preikesøndagen, kyrkja var ramma om gledene i livet, sjølv om ho også var møtestaden i sorg. Slik var det då Nesheim kyrkje vart vigsla 17. september 1908, to born vart borne til dåpen, ein gut som var heimedøypt og no fekk dåpen stadfest, ei jente som var fødd nokre månader før kyrkja var ferdig.

Rik bygdegut fra USA betalte

Kyrkjebygginga sveisa bygdefolket saman. Då tanken kom opp om å få kyrkje på Nesheim også, var det ein draum som dei knapt våga å tru på. Men så kom ein utvandra husmannsgut heim frå Amerika, og hadde med seg 2000 kroner som dei kunne få til kyrkjebygging, mesteparten som hans eiga gåve til heimbygda, men også ein del som var samla inn mellom utvandra bygdefolk.

Det var sjølvsagt ikkje nok, men det var nok til å setja mot i bygda, og dei rekna sutalaust med at dei kunne greia det meste med gratis dugnadsarbeid om dei tok tida til hjelp. Dei fekk nokre kroner frå hovudstaden, og heimkommunen Evanger løyvde eit par hundre kroner og let dei få altervin og slikt frå dei hadde i kyrkja på Evanger.

Byggjebudsjettet var på knapt 10 000 kroner – det var faktisk billegare enn dei i Modalen hadde greidd 25 år tidlegare, der kosta nyekyrkja vel 13 000 kroner.

Raus og romslig kyrkje

Står du på kyrkjebakken ein eller annan stad i landet, kan du ofte sjå både bedehus og ungdomshus og andre forsamlingslokale. Det er eit vakkert syn, men det kan også vera eit teikn på at samfunnet vert splitta opp, etter tru og livssyn.

På Nesheim ser du ingen ting slikt, det er kyrkja som er samlingsstaden for alle, raus og romsleg er ho.

Slik vart det då dei feira kyrkjejubileum no 14. september også. Alle i bygda kom, og dei som ikkje fekk plass inne, dei stod utanfor kyrkjedøra. Sola skein og det låg haustvarme over bygda. Og kyrkja var midtpunktet!

Minner om kyrkjene eller bare ein kommentar til artikkelen? Bruk kommentarfeltet under!

FEIRAR ÅR: Kyrkjene i Vaksdal og Modalen feirar alle år i desse dagar. Her frå Eksingedalen.