Kyrkjebyggjarar in spe
Gamle Vinje kyrkje på Vossestrand er under oppattbygging på Seim i Gullfjordungen. I miniformat.
- Publisert: 14.mar.2008 17:00
- Oppdatert: 14.mar.2008 17:58
Der kyrkjebyggjarar i farne tider brukte alnar og øks brukar pensjonistane i sløydsalen på Voss Folkehøgskule millimetermål og retthøvel.
Korrigerande augnemål har dei til felles med forgjengarane.
Miniatyr
Det er den gamle kyrkja på Vinje som no vert gjenskapt
i storleik 1:20. Kyrkja stod høgre oppe i lia, og lengre aust enn dagens
Vinjekyrkje. På gardsbruket som Bjørn Løne no har overteke attmed
Kongevegen. Grannen Ivar Husdal er blant eldsjelene, godt støtta av genealog
Roald Lyngvær.
Grunnmuren er overgrodd, men Riksantikvaren vil tillata at omrisset vert markert.
Eldsjelene ville helst hatt kyrkja atterreist i full storleik, men nøyer seg i denne omgangen med å få bygt ein modell.
Gjenbruk
Då den gamle kyrkja vart riven, vart ein del av
materialane brukt til å bygga Vossestrand heradshus på Vinje. Det kom fram i
dagen då heradshuset vart rive, etter kommunesamanslåinga med Voss.
Fjøler med flott rosemåling ligg no på Hardanger og Voss Folkemuseum, Nesheimstunet.
Ei skildring av kyrkja finst i eit lokalhistorisk hefte, og det finst eit bilete frå fotokunstens barndom på Vestlandet.
«Levande» modell i Flåm
Best detaljkunnskap
skaffar ein seg likevel ved å studera Flåm kyrkje i Flåmsdalen. Den kyrkja
står den dag i dag, bygt rett etter Vinjekyrkja, av same byggmeister, og
sannsynlegvis med same mannskap av tømrarar.
Soga seier at kyrkjebyggarane reiste vidare til Flåm så snart dei var ferdige på Vinje.
Til Flåm har dei reist på synfaring, både arkitektane som har laga skisser og teikningar av den gamle kyrkja på Vinje, slik dei trur at ho såg ut. Det same gjorde sløydpensjonistane som let 20 centimeter krympa til ein.
Søk i skattelistene Topplister
Bilder
3 mest leste artikler »
-
Ble sendt hjem til søppelhaug
Alvorlig syk mann ble sendt hjem til dette huset. Sykehuset tar ikke selvkritikk.
-
Vestlandet på Google-kartet
Vestlandet er for alvor satt på Google-kartet. Se bildene her.
Vegrapport
-
Rv 7
Hardangervidda
-
Ev 16
Voss - Trengereid
-
Ev 16
Voss - Gudvangen
-
Rv 13
Granvin - Voss, ved Skjervet
-
Ev 134
Jøsendal - Røldal, ved Seljestad
Følg alle skip direkte
Bt.no har mange digitale tjenester. Her kan du følge skipstrafikken i Hordaland minutt for minutt.
På forsiden nå
- 19:13 Hvem jager Google med lystergaffel?
- 18:36 Slo samboer med jernstang
- 18:14 Politiet tar frem pisken
- 18:08 Økt volum, lavere gevinst
- 17:24 Full utrykning til handleveskebrann
- 17:07 Krasj på Minde
- 16:44 Innbrudd i Griegpark
- 16:17 Branns sesongkortsvikt
- 16:16 - Hvem satte fyr på seilbåten?
- 15:14 30 døde i snøskred i Afghanistan
Webkamera
Søk i skattelistene
Hva koster egentlig nabohuset ditt?
Her kan du finne det ut! Prøv vårt boligsøk.



























































