OVE ARNE OLDERKJÆR

— Eit fint tiltak. Det er greitt å få åndeleg påfyll midt i vekene óg, seier Kristin Eskeland (19) etter avslutta tidebøn i Bremnes kyrkje sist onsdag.

Eskeland frå Tau i Rogaland er på ferie hos ei søster på Bømlo, og systrene var blant 24 som deltok på sist tidebøn i Bremnes kyrkje, som også er ei av fire såkalla vegkyrkjer i Hordaland og Sogn og Fjordane denne sommaren.

Tidebøn er eit uvant fenomen på landsbygda innanfor Kyrkja, den norske. Her vest er det berre Mariakirken i Bergen som har hatt tilbodet før.

I Bremnes kyrkje er det mostringane Olav Kvarven og Leif Magne Naustbakken som vekslar om å lesa frå Salmenes bok på tidebønsamlingane klokka 12 kvar onsdag i juli. Førstnemnde har gjort liknande ved Institutt for sjelesorg på Modum.

Oljearbeidar Kvarven og ferjematros Naustbakken nyttar ferien sin til sommarens tidebønarrangement. Slike bønesamlingar på bestemte tidspunkt på dagen er elles kjent frå katolisismen og jødedommen.

— Men det er ein tradisjon som går heilt tilbake til oldkyrkja, seier Naustbakken og Kvarven.

Dei vel halvtime lange samlingane inneheld også salmesong, velsigning og tenning av levande ljos, og blir avslutta med orgelresitasjon. Sist onsdag stod organist Jostein Molde for både vare og mektige tonar i katedralen på Svortland.

Som ei av landets 54 vegkyrkjer har Bremnes kyrkje eit utvida turisttilbod i sommar, med brosjyrar og rettleiing. Det same har Øystese kyrkje i Hardanger, Vereide kyrkje og Ervik kyrkje i Nordfjord.

ÅNDELEG PÅFYLL: Kristin Eskeland (19) tenner ljos i globen etter tidebøn i Bremnes kyrkje.<p/>FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR