– Skifte side og skifte side. For oss er den politiske plattforma det viktigaste, seier komande ordførar Byrknes til bt.no.

Saman med Framstegspartiet og Høgre skal Byrknes regjere kommunen nord for Bergen. Ho seier at semje om ny kyrkje er blant dei viktige punkta mellom dei nye partnarane.

Den enno sitjande ordførar Tove Brandvik (Ap) seier ho er rysta – men ikkje sjokkert.

– Eg forstår ikkje at partiprogramma til KrF og Frp kan hengje saman, seier Brandvik.

– Det er merkeleg at KrF, som har gått så mykje tilbake, endar opp med å bytte side. Det må vere noko med posisjonane som gjer det, seier Brandvik.