DEN SKEIVE KYRKJA I MANGER: Den kvite trekyrkja ligg midt i sentrum av Manger. Inne i kyrkjerommet merkjer du krenginga på søylene, austre veggen og lampettane.
WIKIMEDIA COMMONS

— Kyrkja har vore skeiv sidan 1891, så det er ikkje det som gjer oss urolege. Det som gjer oss bekymra er at kyrkja ser ut til å bevege seg, seier kyrkjeverje i Manger, Audun Sylta.Manger kyrkje ligg midt i sentrum av Manger i Nordhordland, og til alle tider har austveggen hella og søylene i kyrkjerommet vore skeive. Men i februar sendte dei tilsette inn ei uromelding til kyrkjeforvaltarselskapet Akasia etter at det knaka stygt i kyrkja under ei gudsteneste, då det var mykje vind.

Fryktar vind frå vest

Dei tilsette oppdaga då ein to centimeter brei sprekk på galleriet, som dei meinte hadde oppstått i løpet av dagen. Seinare har det vist seg at sprekken er nokre år gammal, men ekspertane er likevel bekymra. Dei bekrefta at kyrkja har bevegd seg dei siste åra og vil ikkje garantere for tryggleiken.

Medan dei tilsette ventar på at arbeidet med å rette opp kyrkja skal starte, har dei eit auge på vêrmeldingane.

— Viss det blir meldt mykje vind frå vest, trur eg nok vi kjem til å avlyse gudstenesta, seier Sylta.

Kjell Sekkingstad er sokneprest i Radøy. Han har sett på skeive søyler sidan han begynte som prest.

— Kyrkja ser jo ut som ho kan dette ned når som helst. Ho var skeiv frå før, og no er ho endå skeivare. Ein eller annan gong bikkar ho ned, så noko må gjerast, seier han.

Samstundes er han ikkje bekymra for at det skal skje no, og meiner det må ein skikkeleg orkan til.

Søkjer kommunale pengar

Radøy sokn må søkje biskopen om lov til å rette opp kyrkja, og biskopen må rådføre seg med Riksantikvaren. Kyrkjelyden har ikkje sjølv råd til å rette opp kyrkja, og søkjer Radøy kommune om dei 2,1 millionar kronene som trengst.

— Samstundes finst ingen garanti for følgjeskadar av opprettinga, og det er nok ingen som vil forsikre denne jobben, seier Sylta.

Han håper arbeidet skjer i løpet av vinteren. I mellomtida må soknet ta atterhald overfor dei som leiger kyrkja om verforhold.

— Det er ein vanskeleg situasjon, men vi må prioritere tryggleiken til dei som skal vere der, seier Sylta.

— Kva synest dei tilsette?

— Klart dei var urolege då dei kom med meldinga, og no høyrer nok folk meir etter lydar enn før. Når ekspertane seier at tryggleiksmarginen er overskriden, må vi ta det alvorleg.

Usikkert og dyrt

Handverkarar frå Akasia vil trekkje kyrkjeveggene attende ved hjelp av store betongklossar og vaier. Så skal dei forsiktig forsøkje å jekke kyrkja attende i posisjon. Til slutt skal kyrkja stabiliserast med stålkonstruksjonar.

— Eigentleg er det spennande, hadde det ikkje vore så usikkert og kosta så mykje pengar, seier Sylta.

Prosjekteringsleiar Karsten Hjertholm i Akasia seier dei vil måtte gå forsiktig fram.

— Når vi trekkjer ho attende, må vi vere sikre på at vi får bygget med oss. Kor lang tid det vil ta, må vi ta på staden, seier han.

I augneblinken ligg saka hos Riksantikvaren. Seniorrådgjevar Sjur Mehlum lovar at saka skal vere ferdig behandla innan to veker.

— Eg har ikkje sett så nøye på det enno, men dette finn vi ei løysing på, seier han.