Aud Langeland fekk seg ei overrasking då ho førebudde søndagsmiddagen sist veke. Pakken med kyllingfilet frå Den stolte hane inneheldt nemleg langt meir enn kylling.

– Eg blei mildt sagt veldig overraska då eg hørte det klirra oppi posen, og eg kunne dra ut to stålplater, seier Aud Langeland.

319 gram stål

Pakken hadde ho handla på Rimi i Rosendal i Sunnhordland for om lag ein månad sidan. Langeland oppdaga ikkje det spesielle tilbehøret før kyllingen tinte opp. Då kom 319 gram med stål til syne.

– Platene var fine og blanke, så det er nok rustfritt stål, kommenterer Langeland.

Ho trur stålplatene har falle av ein maskin i fabrikken, og at uhellet må ha skjedd under pakking på fabrikken.

Beklagar

– Vi har aldri vore borti noko slikt før, seier Bjørnar Hagebakken, dagleg leiar i Den stolte hane.

Etter å ha sett bilete av stålplatene, kunne kyllingprodusenten i kveld fortelje kva som hadde skjedd.

– Dette er lause delar etter ein reparasjon på ei singelfrysemaskin. Det er ein menneskeleg svikt at ikkje alle delane har blitt skrudd skikkeleg på igjen, seier Hagebakken.

Han seier rutinane vil bli stramma inn umiddelbart.

– Slike ting skal ikkje skje, og det er berre å beklage. Vi vil ta kontakt med kunden i morgon for å ordne med ein kompensasjon, seier Hagebakken.

Smakte godt

Til trass for det uvanlege innhaldet i posen, blei det kyllingmiddag som planlagd for Aud og familien.

– Eg såg at det ikkje var nokon lause delar, så eg vågde å steikje den. Kyllingen smakte godt den, seier ho.

Har du opplevd noko liknande? Bruk kommentarfeltet under.

OVERRASKA:Aud Langeland og dottera Kristine Langeland som held stålbeslaga.
Egil Sundal
319 GRAM EKSTRA: Med på kyllingkjøpet fekk Aud Langeland desse stålplatene.
egil sundal
EKSTRA TILBEHØR: Kyllingen er produsert av Den stolte hane, og blei kjøpt på Rimi i Rosendal.
egil sundal