Kor stort var dette raset eigentleg?

For vegfarande som kom på nært hald, såg det bagatellmessig ut. Berre nokre få steinar landa på vegen, som elles var kvit av støv, reine Mjølkevegen. Også vegetasjonen langt oppover i lia på andre sida av elva var dekka av kvitt støv.

Gammal ur

Bileta frå staden viste enorme steinmassar på oppsida av vegen.

Berre ein ørliten del av desse massane skriv seg frå det siste raset. Her har det gått ras i hundrevis av år, kanskje tusenvis. Det har danna seg ei svær ur av rasmassane.

Bileta frå sleppunktet viser at det er ein ganske stor bit som har losna. Blokka har vorte pulverisert på veg nedover ura, og mesteparten av steinane er absorbert av ura. Ura er no så full at ein stadig kan høyra romling av steinar som flytter på seg. Både ura og sprekkane som har danna seg i fjellet representerer fare for nye ras, før eller seinare.

Anortositt

Mykje av forklaringa ligg i bergarten anortositt. Den er kvit, inneheld mellom anna aluminium, og blir svart ved oksidering. Ytterflater som er eksponert for lys, vêr og vind, blir mørke, men inni er det kvitt.

Difor er fjellsidene mørke, bortsett frå stader der stein har losna, eller der det relativt nyleg har gått ras.

Anortositt bli lokalt kalla kvitstein eller kvitberg. Steinen vert knust relativt lett, og det støver fælt i prosessen.

Hagesingel

For folk flest er anortositt best kjent som singel til hagestiar, men viktigast er bruken i mineralull til byggebransjen og innblanda i asfalt til vegdekke.

Framleis er det billegare å laga aluminium av importert oksid frå bauxitt, men der er mogeleg å henta råstoffet frå anortositt.

Det meste som Gudvangen Stein AS bryt i Nærøydalen går til eksport. Nordic Mining eig no aksjemajoriteten, men 15 prosent er framleis på lokale hender.

Anortosittbeltet går frå nord for Stalheim til sør for Mjølfjell, og skal vera to kilometer tjukt. Det vert hevda at ein må til månen for å finna større felt.

MJØLKEVEG: Masse kvitt støv og berre nokre få steinar nådde ned til E16. Vegstenginga skuldast fare for nye ras.
Rasmassane rann ned gjennom ura som er danna av tidlegare ras.Svart anortositt blir dekka av eit nytt lag med kvit.
ARNE HOFSETH
SVART/KVITT: Det svarte i ura er massar frå gamle ras, det kvitaste er frå det nye.
ARNE HOFSETH