I avveginga mot dei store verdiane og dei store resursane anortositten (kvit bergart) representerer, er inngrepa akseptable etter Direktoratet for Naturforvaltning (DN).

Problemet har vore at dei områda med anortositt som er lettast tilgjengelege, ligg i Nærøydalen. Dette dalføret frå Gudvangen i Aurland kommune opp mot Stalheim i Voss, er med i Nærøyfjorden landskapsvernområde.

DN tilrår planjusteringar for det indre fjordbassenget i Gudvangen, slik at utskiping blir mogeleg. Dessutan opnar ein for luftesjakter som trengst for underjordisk drift.

Den faglege utgreiinga frå direktoratet går no til Miljøverndepartementet for avgjerd.

Dagbrot er uaktuelt. Dei eventyrlege planskissene går ut på å hola ut fjellet utanfor verneområdet, og senda steinen i eit gigantisk røyrpostsystem til ein hall som skal spengast ut i fjellet ved Gudvangen. Lasteskipa får tilkomst til denne hallen gjennom ein skipstunnel frå Nærøyfjorden, som kryssar under E16 inne i Gudvangatunnelen.

Dagleg leiar i Luna Mineral AS, Bjørn Sture Rosenvold og fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes i Sogn og Fjordane seier seg imponert over at fagmiljøet greier å finna nye, miljøvenlege løysingar på komplekse problem knytta til utnytting av framtidsretta ressursar.

Aurland kommune har teke initiativet til Luna Mineral AS. Namnet Luna (månen) har samanheng med at ein må heilt til månen for å finna eit større felt med like rein anortositt som i Voss og Aurland.

Steinen har lenge vore brukt til lyst vegdekke og hagesingel, men dei store verdiane knyter seg til aluminiumsinnhaldet, som mellom anna kan brukast til reinsing av miljøfarlege gassar.