OVE ARNE OLDERKJÆR Kvinnherad

Med 32 mot 13 røyster gjekk Kvinnherad-politikarane inn for den fylkesvedtekne finansieringsplanen, og for at det kortaste tunnelalternativet blir prioritert.

Dermed er det håp om å få hand om 50 millionar kroner i tilskot over neste statsbusjett. Den vel 8 km lange tunnelen vil kosta nær 500 millionar kroner.

Torsdagens vedtak inneber at innbyggjarane i Nordrepollen må innsjå at tilførslevegen til tunnelen skal gå gjennom grenda.

Dei fleste — inkludert ordførar Bjarne Berge - reknar med at traséalternativet som sparar grenda aldri blir rekna på i det vidare prosjektarbeidet. Sjølv om kommunestyrefleirtalet set som vilkår at begge alternativ, kort og lang tunnel, skal kvalifiserast for tilbodskonkurransen.

Fleirtalsvedtaket i Kvinnherad kommunestyre i dag skjer etter hektisk møteverksemd internt i lokalpartia og saman med kollegar i Odda og Jondal, og to veker etter at formannskapet med knapt fleirtal landa på motsett resultat.

Bak fleirtalsvedtaket i kommunestyret står Ap, Venstre, Sp, Høgre, KrF, Frp og RV.