PER JON ODÉEN

Initiativtakar Gaute Lund var svært nøgd med frammøtet og meiner at det syner at folk i Kvinnherad tek sterk avstand frå fleire alvorlege mobbeepisodar og åtak mot flyktningar i Kvinnherad den siste tida.

— Vi hadde ei tilløp til brann i eit hus der eritreiske flyktningar budde. Brannen vart oppdaga i tide, men politiet har langt på veg slege fast at det kan vere ein brann som er påsett. Dette er noko av det vi vil markera motstand mot, seier Lund.

Tilskipinga på Husnes vart opna av ordførar Bjarne Berge. Russepresident Kyrre Grønstøl og sokneprest Jan Ove Totland hadde korte antirasistiske appellar. Hovudtalar var tidlegare flyktningkonsulent i Kvinnherad, Milad Casapor.

I tillegg var det song av ungdommar frå Kvinnherad og det heile vart avslutta med ei drivande flott danseframsyning av nokre tsjetjenske flyktningar som no bur i Kvinnherad.

Gaute Lund er svært nøgd med den tydelege markeringa som fann stad i Husnes sentrum i går og han trur det vil bli vanskelegare å mobba flyktningar etter den klare markeringa som var.

FOTO: GEIR REMME