Etter lang tids strukturdebatt og lokale protestar er det klart at grunnskulane i Herøysundet og på Sandvoll blir lagt ned. I tillegg skal ungdomsskuleelevane på Øyatun ungdomsskule på Halsnøy overførast til Husnes når elevtalet tilseier ein klar økonomisk vinst ved tiltaket.

Det er Ap, Senterpartiet, Venstre, SV og KrF som med 18 mot 17 stemmer sikra fleirtal for skulenedlegging for å spara pengar. Dermed er det klart at elevane ved Bringedalsbygda i Herøysundet i framtida skal bussast til anten Husnes eller Uskedalen, medan elevar ved Skarveland på Sandvoll skal skyssast til Valen.

Tidspunkt uvisst

I skulestrukturvurderingane har også barneskulane i Omvikdalen, Ølve og på Sunde stått i fare for nedlegging, men alle tre er berga med vedtaket i Kvinnherad kommunestyre torsdag.

Kva tid strukturendringane blir gjennomførte, blir klart først i februar neste år. Først skal rådmann Trond Sætereng utarbeida ein gjennomføringsplan som politikarane skal ta stilling til. I planen skal det takast med omsyn blant anna til sikring av busshaldeplassar og ombygging og tilrettelegging av skulebygg.

20 skular, minkande barnetal

Kvinnherad har i dag 20 skular med eit samla behov for oppussing som i 2007 er kostnadsrekna til 205 millionar kroner. Rådmannen trur prisen er «monaleg dyrare».

Skulestrukturutvalet har lagt til grunn ein nedgang i barnetalet i kommunen på over 200 den neste fem åra. Fødselstala har vist ein klar nedgang i Kvinnherad dei siste sju åra. Rådmannen fryktar eit dramatisk fall i statlege driftsoverføringar som følgje av det minkande barnetalet.

Vedtaket i Kvinnherad kommunestyre torsdag inneber at Rosendal ungdomsskule blir ståande øvst på prioriteringslista for rehabilitering framfor Husnes ungdomsskule.