Kvinnherad kommunestyre gjekk dermed bort frå vedtak frå mai i fjor og februar i år om S 6, ein lengre tunnel som går utanom og sparer Nordrepollen for store inngrep i landskapet.

Vedtaket i føremiddag vart gjort med 29 mot 15 røyster.

Dette betyr at alle naudsynte vedtak her vest no er på plass for Jondalstunnelen. No er det opp til Samferdsledepartementet å få Jondalstunnelen vidare til Stortinget.

Dagens vedtak betyr likevel ikke at Kvinnherad har gjeve opp vona om å spara Nordrepollen. Punkt 3 i vedtaket seier at det skal innhentast anbod for båe alternartiva, og jamvel for ein tunnel heilt fram til Austrepollen, dersom det ikke seinkar heile prosessen.

Dersom alle desse alternativa etter anbod kjem ut med lågare pris enn den vedtekne finansieringsplanen på 529 millionar kroner, skal alle tre framjast att for ny politisk vurdering, heiter i det vedtaket frå Kvinnherad.