— Torsdag vert det fleirtal for S 9, med veg gjennom Nordrepollen. Det er dette vegvalet vi har stått på heile tida, og det er dette alternativet som samsvarar med finansieringsplanen for Jondalstunnelen, seier Synnøve Solbakken, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Kvinnherad kommunestyre. (sjå grafikk).

Dersom dette slår til, betyr det at fylkeskommunen og Kvinnherad sparar 19 millionar kroner kvar, som måtte til for å fylgja opp vedtaket i Kvinnherad kommunestyre frå 9. februar.

Den gongen vedtok kommunestyret, med ordførar Bjarne Berge si dobbelrøyst, å gå inn for S 6. Det er ein lengre tunnel, men han sparer bygda Nordrepollen for store inngrep i landskapet.

Men prisen låg 38 millionar kroner over den finansieringsplanen på 529 millionar som fylkestinget vedtok 4. mai 2005.

I går vedtok fylkestinget å løyva sine 19 millionar kroner etter ein avtale inngått mellom fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og ordførar Bjarne Berge. I same vedtaket forlangte fylkestinget at kommunestyret i Kvinnherad anten gjer likt vedtak, eller går attende til S 9, med veg gjennom Nordrepollen.